Rolf Losnegård

Faktaboks

Rolf Losnegård
Født
28. januar 1946, Hyllestad, Vestland

Artikkelstart

Rolf Losnegård er forfattar, omsetjar, teaterinstruktør og del av den frie teatergruppa Aldateateret.

Bakgrunn

Rolf Losnegård er fødd i Hyllestad i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han har utdanning frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo, med faga norsk, historie og allmenn litteraturvitskap. Han har mellom anna arbeidd i NRK (1972–1975) og vore lærar (Askvoll, 1975–1980)

Teater og dramaturgi

Sidan teaterdebuten i 1976 med Dei siste maksveringar har Losnegård skrive 21 teaterstykke. Mange av dei er historiske spel, og han har i tillegg hatt regi/instruksjon på om lag 15 ulike oppsetjingar. Dei to mest sette stykka hans er Maksveringar og Songen ved det store djup (Kinnaspelet). Folkelivsskildringa Maksveringar er ein NRK-serie på fire episodar i 1972, med handlinga lagd til ei vestlandsbygd i 1950-åra og med musikk av Egil Monn-Iversen. Songen ved det store djup (Kinnaspelet) har sidan premieren i 1986 vore sett av over 78 000 personar, og er oppført ved den vesle steinkyrkja på øya Kinn ute i havet vest for Florø.

Losnegård har vore dramaturg ved Sogn og Fjordane Teater (1980–1988), styreleiar i Norske Dramatikeres Forbund (1988–1990) og konsulent ved Riksteatret (1988–1994) og Hordaland teater (1994–1998). Frå 1998 har han vore forfattar og frilans teaterinstruktør på heiltid. Rolf Losnegård er ein av partnarane i Aldateateret. Aldateateret vart skipa i 2006 og er ei fri profesjonell teatergruppe som arbeider, gjerne utandørs, med nye uttrykksformer.

Litteraturen

Det historiske er ein sentral inngangsport til Losnegårds forfattarskap i alle sjangrar, i form av tema, tid og personar. I tillegg til teater og spel har han gitt ut fleire bøker i ulike sjangrar, både åleine eller som medforfattar.

Omsetjing

Losnegård har omsett fleire teaterstykke, i spennet frå Pippi Langstrømpe til Hamlet. I 2017 gav han ut ei gjendikting av Gilgamesh, verdas eldste forteljing, i tre språklege versjonar på nynorsk, engelsk og arabisk. Teksten har vore framført som forteljeteater, produsert av Aldateateret, med Losnegård sjølv som forteljar og skodespelar.

Utmerkingar

Rolf Losnegård fekk Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane i 1981.

Bibliografi

  • Kjære Sogn og Fjordane (Selja, 2020)
  • Gilgamesh. Kongen som nekta å døy (Selja, 2017)
  • Det forferdeleg geniale Frese-sky-flyet (Barnebok, Skald forlag, 2015)
  • Ole Bull : fossegrimen på Valestrand (Selja, 2010)
  • Hemnaren (Barnebok, Selja, 2005)
  • Riddarane av Losna (medforfatter) (Selja, 2003)
  • Sunnfjord (Skald forlag, 2001)
  • Peter Andreas Blix: i strid for vern og vekst (Biografier og memoarer, Selja, 2001)
  • Dalsfjordboka : frå Gaularfjellet til Bulandet (Skald forlag, 1999)
  • I ramnens skugge. (Kinn, 1994)
  • Gjest Baardsens siste flukt. (Dramatikk, Solum, 1992)
  • No lettar vi! (Barnebok, Solum, 1989)
  • Kinnaspelet – songen ved det store djup. (Dramatikk, 1986)
  • Risens hjarte. (Dramatikk, 1985)
  • Maksveringar – verdens beste fiendar. (Noveller, 1983)
  • Farskap : og andre forteljingar om fedrar (Noveller, Noregs Boklag, 1981)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg