I politikken kom han då han i 1900 vart vald til stortingsrepresentant frå Kristiania og slo ut Benjamin Vogt. Morgenbladet, der sonen Nils Vogt var redaktør, og mange høgrefolk i hovudstaden kunne aldri tilgi han dette. Morgenbladet var Bratlies motstandar i heile hans tid som politikar.
På Den Militære Høiskole gjekk Bratlie i same klasse som Georg Stang, den seinare Venstre-politikar og forsvarsminister. Dei to vart rivalar i politikken, og kjempa hardt om militærpolitiske spørsmål fram til 1903 då Stang gjekk av. Stang var nærast folkehelt fordi han sto i spissen for bygging av grensefestningar og opprustinga mot Sverige, mens Bratlie vart tilsvarande upopulær fordi han gjekk til åtak på folkehelten.
I valperiodane mellom 1900 og 1909 var Bratlie leiar i militærkomiteen og Stortingets fremste ekspert på militærspørsmål. Utover dette fagfeltet engasjerte han seg lite. Bratlie kom også på kant med Fredrik Stang, formannen i Høgre fram til 1911. Stang sto for ei vesentleg meir moderat konservativ line enn det Bratlie gjorde, og Stang hadde sin basis i næringslivs- og by-Høgre, mens Bratlie hadde støtte frå Vestlands-Høgre og frå bonde-Høgre.
Då Wollert Konow ville ha Stang med i regjeringa si, så sa stortingsgruppa, der Bratlie var sjef, nei til dette, sjølv om Stang hadde lyst til å delta. Stang kom likevel med som justisminister i Bratlie si regjering, og omtrent det einaste denne regjeringa rakk å fullføre i si korte funksjonstid, kom frå Justisdepartementet. Fredrik Stang utarbeidde mellom anna arbeidstvistlova som kom til å få svært mykje å seie i den konfliktfylte tida som arbeidslivet gjekk inn i. Stang, som var soneson til den store Frederik Stang og son til Emil Stang, trekte seg som formann for Høgre i 1911, og forsvann etter kvart ut av politikken og inn i jussen. Bratlie tok over som formann i Høgre og sat som det til 1919.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.