Avishovud
Avishovud
Av .
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Forside av Hardanger

Fyrste nr. av Hardanger 25.1.1913.

Forside av Hardanger
Nasjonalbilioteket .

Hardanger var ei avis i Odda. Ho var grunnlagt i 1913, og var den leiande avisa i Odda fram til 1950-åra, med redaktør Olav Kolltveit som mangeårig sjef. Avisa vart lagt ned i 1990.

Historie

Politisk forankring

Avisa Hardanger skulle bere fram det gamle Bonde-Venstre sin politikk og var ein reaksjon på fråveret av eit tydeleg politisk organ i dei indre delane av Hardanger. Odda hadde hatt ei partipolitisk uavhengig avis sidan 1908, Odda Tidende, som signaliserte regionale ambisjonar gjennom ymse undertitlar. Den nye avisa Hardanger representerte ein reell konkurranse, også politisk. Den etablerte avisa Odda Tidende tok arbeidaren og bonden inn i undertittelen, men det hjelpte ikkje, og avisa vart lagt ned.

Mellomkrigstida

Venstre-avisa Hardanger fekk dermed vere åleine i Odda frå 1917 til 1920-åra, samstundes med at den store profilen i avisa, Olav Kolltveit, blei tilsett. Kolltveit var kjend for å føre ein god penn, var sakleg i referat og ordskifte, men òg underfundig og satirisk i petittekstar under pseudonymet Plassmajor Tallaksen. Bladet er òg knytt til eit anna stort namn i norsk presse, Hans Aarnes, som styrte Hardanger ein periode frå starten. Han skipa Norsk Bladmannalag i 1913, og i 1919 skipa han den første journalistutdanninga i Noreg, Norsk Bladmannaskule.

Konkurranse

Siste utgave av avisa, onsdag 12. september 1990
Siste utgave av avisa, onsdag 12. september 1990
Av .
Redaktør Olav Kolltveit i Hardanger.

Hardangers store redaktørprofil er Olav Kolltveit, bladstyrar i to lange periodar, til saman 53 år, før og etter krigen. Han var ein stor lokalhistorikar og blei heidra for det i 1963, med Kongens fortenestemedalje i gull. Heller enn å halde fram jusstudiane valde han i 1917 å ta imot stillinga som mellombels redaktør i avisa Hardanger i Odda. Vikariatet skulle bli Olav Kolltveit sin arbeidsplass til 1970. Bladmannen Kolltveit ruvar iden vestlandske avissoga, kjend for å føre ein god penn, sakleg i referat og ordskifte, men også underfundig og satirisk i petittekstar under pseudonymet Plassmajor Tallaksen. Siste tiåret han sat som bladstyrar, kom Hardanger litt bakpå i den tekniske utviklinga. Som bladstyrar blei Kolltveit utnemnd som Heiderlagsmålmann i Noregs mållag i 1964.

Redaktør Olav Kolltveit i Hardanger.
Norsk presses historie.

I 1920-åra fekk Odda endå to aviser, og avisa Hardanger hadde såleis to konkurrentar i mellomkrigstida. Den eine var sosialdemokratiske Hardanger Arbeiderblad, som etter 1949 blei heitande Hardanger Folkeblad. Den andre var den upolitiske Odda Nyhetsblad, som kom ut fram til andre verdskrigen. Etter krigen hadde Odda både ei sosialistisk og ei borgarleg avis, ikkje ulikt mange bysamfunn med industri som basis.

Fram til 1956 hadde Hardanger eit større opplag enn Hardanger Folkeblad, som var Arbeidarparti-organet i Odda. Men frå slutten av 1950-åra fekk sistnemnde eit stadig større opplag enn Hardanger, og i 1965 låg Hardanger Folkeblad eitt tusen eksemplar over opplaget til Hardanger. Hardanger kom på defensiven, sjølv om ho seinare fekk ein oppsving i opplagstal.

I 1970 tok Bergens Tidende over Hardanger. Under ny eigar og ny bladstyrar fekk bladet ei meir aktiv rolle i det politiske ordskiftet, særleg under EF-kampen rundt 1972. I 1974 blei Hardanger ført tilbake til lokal eigarskap etter det dårlege opplagsåret for bladet i 1973.

Frå midten av 1970-åra lysna det att. Ei stund såg det ut til å vere rom for avisa, som hadde tingarar i Odda, Ullensvang, Eidfjord, Jondal, Kvam og like ut til Strandebarm. I 1978 blei bladet flytta frå Odda til Lofthus, tre mil nord i fjorden. Avisa Hardanger vart lagt ned i 1990.

I 25 år etter andre verdskrigen hadde Hardanger same bladstyraren. Dei neste 20 åra, til avisa vart lagt ned hausten 1990, hadde bladet 13 redaktørar.

Opplag

År Opplag
1920 2 500
1932 2 000
1952 2 790
1960 2 855
1973 1 418
1980 3 520
1989 2 119

Fakta

  • Fyrste nr. 25.1.1913
  • Siste nr. 12.9.1990

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg