Hardanger Folkeblad

Hardanger Folkeblad, dagsavis i Odda, grunnlagt 1919, utkommer tre ganger ukentlig. Lokalavis for Odda, Ullensvang og Eidfjord kommuner. Eid av Amedia AS. Redaktør: Eivind Dahle Sjåstad.

Avisens opplagstall i 2015 var 4365 for papiravisen og 4359 for salg av digitale abonnementer og utgaver. Totale lesertall for papir og digitalt, inkludert åpent innhold en gjennomsnittsdag i 2015 var 10 000 (Mediebedriftenes Landsforening).

Historie

Tre bladstyrarar frå Skaar-familien styrte denne avisa gjennom 113 år, frå 1877 til 1990. Den siste, Bjørn Skaar, var avisas redaktør i 58 år, berre avbroten av tre krigsår.

Bladet har kome ut i Norheimsund sidan 1873 og er det gamle Hordaland fylkes (frårekna Bergen) eldste eksisterande avis. Med sine vel 135 år er avisa for Kvam og Jondal også ei av dei eldste lokalavisene i landet.

Familien Skaar kom inn på eigarsida i 1877, gjennom Nils Skaar jr., ein klassisk Venstre-mann med plass på Stortinget og hjarte for folkeopplysning og målsak. Han tok over etter skiparen, Oddmund Børve, som hadde lukkast med å få regularitet i bygdebladet Hardangeren frå 1873. Etter eigarskiftet blei avisa heitande Søndre Bergenhus Folkeblad. I det nye namnet låg ambisjonar om å lage ei folkeleg amtsavis for distrikta. Undertittelen «Venstreorgan for Hordaland» kom først på plass etter at Nils Skaar jr. tok over som eigar i september 1877, med redaktøransvar frå 1878.

Avisa sin politiske profil var stø som fjell under Skaar-redaktørane. Samtidas Moderate Venstre var på bladjakt og klarte setje foten i døra på mangt eit etablert Venstre-blad, men ikkje i Norheimsund. Hordalands Folkeblad (frå 16. mai 1945 Hordaland Folkeblad) kom som bladnemning i 1901. På det tidspunktet var det skaarske avishuset så vidt ute av startgropa. Framfor avisa låg 90 gode år med ein Skaar på redaktørkrakken, Nils, Nils jr. og Bjørn.

Så tidleg som i 1910 var avisa blitt ei tredagars, det var tidleg målt mot andre bygdeblad i landsdelen. Avisa kom ut alle fem krigsåra, men dei tre siste med NS-innsette redaktørar. Etter krigen kom Hordaland Folkeblad att som to dagars avis, og har vore ei slik til no.

Bjørn Skaar var på plass att etter krigen og heldt fram familietradisjonen til 1990. Bladets partikopling blei, i tråd med moderne tenking, avvikla under hans tid.

Hordaland Folkeblad var tidleg ute med å setje vekk prentinga, som blei flytt til A-pressa sitt trykkeri i Odda i 1998, seinare til Media Trykk A/S på Kokstad.

Sidan 1967 har avisa vore aleine med Norheimsund, og er i dag ei av fire aviser rundt Folgefonni. «Skaaralappen», som bladet er nemnd på folkemunne, har vore ei nynorskavis sidan tidleg i førre hundreåret.

Opplag

År Opplag
1920 2000
1932 1500
1958 1559
1970 2559
1983 4268
1998 5614
2008 5799
2015 4365

Fakta

  • Hardangeren: nokon nr. frå 1871, stabil utgjeving frå 27.12.1873.
  • Helleland frå 27.12.1873. Siste nr. 31.12.1877.
  • Skifta namn til Søndre Bergenhus Folkeblad (10.1.1878–28.12.1900).
  • Hordalands Folkeblad: fyrste nr. 4.1.1901.
  • Skifta namn til Hordaland Folkeblad 16.5.1945.

Les mer i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg