Olav Kolltveit

Faktaboks

Olav Kolltveit
Født
9. april 1894, Tørvikbygd i Jondal (no Kvam), Vestland
Død
28. november 1979, Odda, Vestland
Av /Stortingsarkivet.

Artikkelstart

Olav Kolltveit var redaktør, lokalhistorikar og politikar. Som redaktør for avisa Hardanger i nesten to mannsaldrar, og som forfattar av dei fleste bygdebøkene i regionen, har han sett djupe spor etter seg i sakprosaen frå og om Hardanger.

Olav Kolltveit var fødd i Tørvikbygd i Jondal (no Kvam) i Hardanger. Han gjekk på Hardanger folkehøgskule i 1912–1913, Volda private middelskule i 1914–1915 og Voss private gymnas i 1915–1917. I 1917 fekk han tilbod om å verte redaktør for avisa Hardanger, som kom ut i Odda, ei stilling han hadde i 53 år. I 1937–1979 redigerte han òg det regionalhistoriske tidsskriftet med same namn og var den drivande krafta i Hardanger Historielag.

Som bygdebokforfattar har Kolltveit kombinert grundig kjeldearbeid med sine gode evner til å sjå samanhengane i lokalsamfunna. Han har skrive bøker om Strandebarm og Varaldsøy, Jondal, Odda, Ullensvang og Kinsarvik, Eidfjord, Granvin og Ulvik, i alt 13 bøker med til saman over 7200 sider, og dessutan ei rekkje andre jubileumsbøker og lokalhistoriske artiklar. For dette arbeidet fekk han Kongens fortenestemedalje i gull i 1964 og Norsk Kulturråds lokalhistorikarpris i 1975.

Kolltveit var venstremann og tok aktivt del i lokalpolitikken i Odda gjennom 23 år. I periodane 1937–1945 og 1949–1957 var han vararepresentant til Stortinget.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Magne Velure: «Olav Kolltveit (1894–1979)», Hardanger 1979, s. 1–3.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg