Faktaboks

Roman Osipovitsj Jakobson

russisk Рома́н О́сипович Якобсо́н

Uttale
jakobsˈon
Fødd
1896
Død
1982
Roman Osipovitsj Jakobson
Roman Osipovitsj Jakobson
Av /𝒲.
Lisens: CC BY SA 4.0

Roman Osipovitsj Jakobson var ein russisk-amerikansk språk- og litteraturforskar som blir rekna blant grunnleggjarane av strukturalismen i humanistisk forsking.

Jakobson påverka ikkje berre lingvistar som Morris Halle og Noam Chomsky, han sette også sosialantropologen Claude Lévi-Strauss (1908–2009) og litteraturforskaren Roland Barthes (1915–1980) inn i strukturalistisk teori.

Studium og stillingar

Jakobson tok magistergraden ved Universitetet i Moskva i 1918. I 1915 var han med på å stifte Lingvistkrinsen i Moskva, som han var leiar for fram til 1920. Som ung vitskapsmann i Moskva la Jakobson grunnlaget for formalismen i russisk litteraturvitskap.

I 1920 flytta han til Praha, der han arbeidde for den sovjetiske utanriksstasjonen mens han heldt fram med studia sine. Han kom i kontakt med den russiske lingvisten Nikolaj Trubetskoj, som var professor i slavisk filologi ved Universitetet i Wien frå 1922. Dei to samarbeidde nært heilt til Trubetskoj døydde i 1938.

Jakobson og Trubetskoj var i lag med den tsjekkiske lingvisten Vilém Mathesius (1882–1945) mellom grunnleggjarane av Lingvistkrinsen i Praha (Cercle Linguistique de Prague) i 1926. Sentralt i deira tenking står oppfatninga av språket som ein struktur, med utgangspunkt i ideane til Ferdinand de Saussure.

Jakobson tok doktorgraden ved Karlsuniversitetet (Univerzita Karlova) i Praha i 1930. Han var professor i Brno frå 1934 til 1939, då han — på grunn av den jødiske bakgrunnen sin — måtte flykte då tyskarane invaderte Tsjekkoslovakia. Han førelas i Danmark og Noreg i 1939–1940, og flykta frå Noreg til Sverige i april 1940, ved å gå på ski frå Trøndelag til Dalarna. I 1941 flytta han frå Sverige til USA, der han blei professor ved Columbia University, New York, frå 1943 til 1949 og ved Harvard University frå 1949 til 1966.

Jakobson blei utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1961. Siste gongen han besøkte Universitetet i Oslo, var då han heldt gjesteførelesingar der i våresemesteret 1974.

Fonologi

I lag med Nikolaj Trubetskoj blei Jakobson mellom dei fremste forskarane innanfor moderne fonologi på 1900-talet. I 1929 gav han ut Remarques sur l'évolution phonologique du russe comparée à celle des autres langues slaves, som var den første lingvistiske monografen hans. Her argumenterer han for at fonologiske endringar ikkje er tilfeldige, men er styrte av fonologiske mønster og språklege universale. Boka var opphavleg skriven på russisk, men originalmanuskripter gjekk tapt under den tyske invasjonen i Brno i 1939. Ei kommentert engelsk omsetjing av den franske utgåva kom ut i 2018. I Om karakteristikken av den eurasiske språkkretsen (på russisk, 1931) tok han opp strukturproblem til djuptgåande analyse.

I boka Kindersprache, Aphasie und allgemeine Lautgesetze frå 1941 argumenterte Jakobson for at utviklinga av fonologiske system følgjer faste og allmennspråklege prinsipp, og at ein kan observere den motsette utviklinga når fonologiske system gradvis blir brotne ned hos afatikarar.

I dei grunnleggjande verka Preliminaries to Speech Analysis (med C. G. M. Fant og M. Halle, 1952) og Fundamentals of Language (med M. Halle, 1956) presenterte han eit framlegg til eit sett med universelle distinktive trekk som var meinte å definere mogelege fonologiske system i menneskelege språk. Dette arbeidet blei vidareført i generativ fonologi, først og fremst av Morris Halle og Noam Chomsky i boka The Sound Pattern of English frå 1968.

Dei viktigaste arbeida hans finst i Selected Writings (8 band, 1962–1984).

Litteraturvitskap

På norsk finst nokre av dei litteraturvitskaplege essaya hans i Strukturalismen i litteraturvitenskapen (1978).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jakobson, Roman. 1929. Remarques sur l'évolution phonologique du russe comparée à celle des autres langues slaves. Prague: Travaux du Cercle Linguistique de Prague. 2.
  • Jakobson, Roman. 1939. K kharakteristike evrazijskogo jazykovogo sojuza. [Om karakteristikken av den eurasiske språkkretsen.] Praha.
  • Jakobson, Roman. 1941. Kindersprache, Aphasie und allgemeine Lautgesetze. Uppsala.
  • Jakobson, Roman. 1952. Preliminaries to Speech Analysis. Med C. G. M. Fant og M. Halle.
  • Jakobson, Roman. 1956. Fundamentals of Language (med M. Halle, 1956).
  • Jakobson, Roman. 2018. Remarks on the Phonological Evolution of Russian in Comparison with the Other Slavic Languages. Annotated English translation by Ronald F. Feldstein. MIT Press: Cambridge, MA and London.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg