Dag Inge Ulstein

Faktaboks

Dag Inge Ulstein
Født
4. desember 1980, Sula, Møre og Romsdal
Ulstein
Dag Inge Ulstein i 2016, da han var finansbyråd i Bergen.
Ulstein
Av /NTB Scanpix.

Artikkelstart

Dag Inge Ulstein er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti (KrF). Han har tidlegare vore utviklingsminister og fungerande utanriksminister i regjeringa Solberg. Han er stortingsrepresentant for KrF frå Hordaland sidan 2021.

Bakgrunn

Dag Inge Ulstein er fødd i Sula kommune i Møre og Romsdal. Han tok vidaregåande skule i 1996–1999, er utdanna familieterapeut og har bachelorgrad i teologi ved Norsk Lærerakademi og Fjellhaug Internasjonale Høgskole i 2001–2004 og bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen i 2009–2011.

Ulstein arbeidde som ungdomsleiar i Salem misjonsforsamling i 2003–2007, var dagleg leiar og prosjektleiar for Turneren Næring A/S (Salem konferansesenter) i 2007–2009 og var mellom anna leiar og utvikslingssjef ved Haraldsplass Samtalesenter og Diakonale Stiftelse i fleire periodar mellom 2009 og 2014.

Politisk karriere

Dag Inge Ulstein i Sierra Leone
Dag Inge Ulstein var utviklingsminister i Erna Solbergs regjering 2019-2021; her under et besøk i Sierra Leone.
Av /UD.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Ulstein begynte den politiske karriera sin som medlem av kommunestyret for Kristeleg Folkeparti i Bergen 2009–2019. Han var styremedlem i Bergenshus KrF i 2010–2011 og blei leiar for KrFs velferdspolitiske utval i 2014. Han var politisk rådgivar for byråd Filip Rygg i Bergen i 2011–2012, og han var sjølv byråd i Bergen kommune for sosial, bustad og områdesatsing i 2013–2014 og byråd for finans, innovasjon og eigedom i 2015–2018. Etter stortingsvalet i 2017 vart Ulstein vararepresentantStortinget for KrF frå Hordaland.

Då KrF hausten 2018 skulle bestemme seg for politisk vegval, var Ulstein på den «raude» sida, saman med partileiar Knut Arild Hareide. Han meinte mellom anna at KrF kunne få til meir saman med sentrumspartia og venstresida når det gjaldt klimautfordringane, og han har vore klar på at KrF ikkje burde gå i regjering med FrP. Det kom derfor som ei overrasking då han blei utnemnd til utviklingsminister i 2019. Han var utviklingsminister i Utanriksdepartementet fram til til regjeringsskiftet i 2021. Han er frå 2021 stortingsrepresentant for KrF frå Hordaland og er medlem av utenriks- og forsvarskomiteen på Stortinget.

Andre verv

Ulstein var medlem av representantskapet for Stiftelsen Bergen Diakonissehjem, styremedlem i Salem misjonsforsamling i Bergen i 2013 og styremedlem i Stiftelsen Bergen Guttehjem frå 2014.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg