Ein produsent er innan økologien ein organisme som produserer næringsstoff frå uorganiske stoff, altså ein autotrof organisme.
Faktaboks
- uttale:
-
produsˈent
- etymologi:
-
til produsere
Grøne planter og planteplankton er dei vanlegaste produsentane. Desse utnyttar solenergien gjennom fotosyntese for å laga organiske stoff, og vert difor kalla fototrofe eller fotoautotrofe. I tillegg finst det kjemoautotrofe organismar som nyttar kjemisk energi til å produsera organiske stoff gjennom kjemosyntese. Døme på kjemoautotrofe organismar er bakteriar som lever i hydrotermale ventilar på havbotnen.
Produsentane utgjer det nedste trofiske nivået i næringskjeder og næringsnett.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.