Samstundes som nytt organisk materiale blir produsert ved fotosyntese og kjemosyntese, blir ein del organisk materiale brote ned gjennom celleanding, eller respirasjon. Me skil difor mellom
-
brutto primærproduksjon, som er den totale mengda organisk materiale som blir produsert ved fotosyntese (og kjemosyntese)
-
netto primærproduksjon, som er den faktiske auken i organisk materiale (mengda produsert ved fotosyntese og kjemosyntese minus mengda som samstundes blir broten ned ved celleanding)
Brutto primærproduksjon er typisk omtrent det dobbelte av netto primærproduksjon.
Medan brutto primærproduksjon berre kan bereknast, kan netto primærproduksjon målast og blir oftast angitt som gram produsert stoff per kvadratmeter per år. Dette fortel altså noko om kor raskt biomassen i eit økosystem, eller den totale massen av alle levande organismar i systemet, aukar.
Organisk materiale som blir gjort tilgjengeleg gjennom fotosyntese, kan utnyttast av alle levande vesen. Det er berekna at 30–40 prosent av primærproduksjonen på landjorda blir brukt av menneske.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.