Approksimant er ein språklyd som blir laga med ei innsnevring for luftstraumen ein stad i taleorgana, men der innsnevringa ikkje er like kraftig som for frikativane. Eit døme på ein approksimant i norsk er j .

Approksimantane er som regel stemde, men dei kan òg vera ustemde. Berre ustemde approksimantar har høyrbar friksjon; ved stemde approksimantar er det ingen friksjon. Approksimantane ligg dermed ein stad mellom frikativane, som alltid har høyrbar friksjon, og vokalane, der lufta kan strøyma fritt utan friksjon.

Luftstraumen har større intensitet når ein språklyd er ustemd, av di stemmespalta (glottis) er open. Ved stemde språklydar går ein del av energien i luftstraumen til å setje stemmebanda i svinging. Dermed er luftstraumen mindre kraftig og greier ikkje å skape turbulens når innsnevringa er so lita (passasjen so vid) som hos approksimantane, og utan turbulens oppstår det ingen høyrbar friksjon. Frikativane har derimot kraftigare innsnevring, og det oppstår alltid høyrbar friksjon.

I nyare terminologi vert lateralane gjerne kalla laterale approksimantar, for å kunna skilja dei frå laterale frikativar.

Døme

I norsk er j ein approksimant (IPA-lydskrift: j), og v er heller ein approksimant (IPA-lydskrift: ʋ) enn ein frikativ. Fleire døme på approksimantar er w i engelsk (IPA-lydskrift: w), lyden skrevet u i fransk muette 'stum (f.)' (IPA-lydskrift: ɥ), r som i engelsk red (IPA-lydskrift: ɹ eller ɹ̠).

Halvvokalane (som òg blir kalla halvkonsonantar eller glidelydar) er ein underkategori av approksimantane. j i norsk (IPA-lydskrift: j) og w i engelsk (IPA-lydskrift: w) er døme på halvvokalar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg