Symbolet ɧ står for ustemd postalveolar-velar frikativ i lydskriftsystemet Det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA). Symbolet vert mest bruka for den svenske uttala av sj-lyden. Lyden vert ofte skildra som ein samtidig (eller dobbelt) artikulasjon av [x] og [ʃ], men det råder usemje blant fonetikarar om korleis denne lyden eigentleg vert artikulert, og den faktiske uttala varierer frå dialekt til dialekt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg