Symbolet θ står for ustemd dental (eigentleg interdental) frikativ i lydskriftsystemet Det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA).

Symbolet er identisk med den greske bokstaven minuskel theta. Legg merke til at berre forma θ er korrekt som IPA-symbol, sjølv om i vanlig gresk skrift kan minuskel theta ha dei to alternative utformingane (glyfane) θ og ϑ, der den siste er ei kursivform.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg