I namnelova er det nokre få avgrensingar i kva namn det er lov å bruke som førenamn. Det er ikkje lov å bruke etternamn som førenamn, og ein kan ikkje velje førenamn som kan vere til vesentleg ulempe for barnet.

I namnelova står det mellom anna «navn [skal] ikke godtas dersom vedkommendes personnavn ellers kan bli til vesentlig ulempe for vedkommende eller andre sterke grunner tilsier det.» og «Som fornavn kan det ikke velges et navn som er registrert i Folkeregisteret som et navn som er eller har vært i bruk som etternavn eller mellomnavn. Navnet kan likevel tas som fornavn dersom det har opphav eller tradisjon som fornavn i Norge eller i utlandet eller har tradisjon i en kultur som ikke skiller mellom fornavn og etternavn.»

Eksempel på namn som var forbodne tidlegare

Ei rekkje namn sto på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast. Dette forbodet er seinare oppheva.

Dette omfatta mellom anna namn som Angel, Angell, Anker, Armann, Arnet, Arnholdt, Astrup, Aune, Barth, Birk, Bjørgan, Bjørgvin, Borg, Collin, Darre, Eberg, Edin, Eik, Elander, Elton, Franklin, Frimann, Gerner, Hagerup, Hammond, Hansten, Harbo, Harding, Hardy, Hartmann, Hegge, Heggelund, Heiberg, Ingeman, Ingemann, Ingmann, Irgens, Irving, Jeger, Jenberg, Jentoft, Jonar, Jordan, Juhl, Juul, Kaurin, Kjerulf, Koldevin, Kørner, Lester, Lind, Lorang, Lynn, Magnor, Mandrup, Marlow, Meidel, Meier, Meyer, Milton, Monrad, Nelson, Neumann, Nor, Nordin, Nore, Oberg, Olander, Olin, Palmer, Pareli, Parelius, Roll, Ross, Russel, Russell, Sandrup, Schjønning, Schønning, Scott, Selmer, Stanley, Steen, Stuart, Sverdrup, Thorin, Tonning, Torin, Troy, Vinjar, Wedel, Wessel og Willard.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg