Elton er eit engelsk mannsnamn som går tilbake til stadnamnet El-ton. Forleddet er kvinnenamnet Ella. Det engelske -ton har same språklege bakgrunn som det norske -tun. Tydinga i engelsk kan variere noko, mellom anna ‘landsby’, ‘gard’.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Personar med namnet Elton

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Elton Bjarne Marinius Andresen fødd 1900 i Kristiania.

Kjende personar med namnet Elton

Eit utval personar med namnet Elton, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Elton som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg