Anker er eit mannsnamn som har dansk bakgrunn. I dette toledda namnet, An-ker, tyder forleddet ‘onn’ og etterleddet ‘kar’. Dette namnet har opphavleg vore eit tilnamn med tydinga ‘onnekar’.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast. Dette forbodet vart seinare oppheva.

Kjende personar med namnet Anker

Eit utval personar med namnet Anker, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1100 menn (fødde i Noreg) som hadde Anker som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Anker i perioden 1900–2017, var det 64 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Anker. Dette inneber at 36 prosent hadde Anker som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Anker var på topp 1915–1919. Også nokre andre tostava nordiske namn på -ar eller -er hadde toppfasen sin innanfor perioden 1900–1934, til dømes Einar, Reidar, Ottar, Ragnar og Birger.

Utvikling i bruk av namnet Anker frå 1900
Utvikling i bruk av namnet Anker frå 1900
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Anker på 1800-talet.

Anker var mest brukt i Østfold og Vestfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Anker på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Anker var mest brukt i Østfold og Vestfold.

Historisk bruk av namnet Anker
Historisk bruk av namnet Anker
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sørensen, John Kousgård 1974: [Odinkar] og andre navne på -[kar]. [Namn och Bygd 62].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg