Oberg er eit nylaga mannsnamn (1857 i forma Ober). Namnet er samansett av O- og -berg, frå til dømes Torberg. Forleddet O- er – til liks med E- og I-, (Obert, Ebert, Ibert) – eit ledd som består av berre éin bokstav. Det er mogleg at desse vokalane har fungert som oppkallingselement, til dømes Ebert etter Ellen, Ibert etter Ivar, Obert etter Ottar og Øbert etter Ørjan.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Oberg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg