Bjørgan

Artikkelstart

Bjørgan er eit nylaga mannsnamn (1900) som ikkje har nokon samanheng med stadnamnet Bjørgan (prestegarden i Kvikne der Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd). Det er problematisk å forklare namnet.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Bjørgan som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg