Lester er eit engelsk mannsnamn som via slektsnamnet Lester går tilbake til bynamnet Leicester. Forleddet i dette bynamnet er usikkert, mens etterleddet -cester kjem av det latinske castra som tyder ‘militærleir’.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Kjende personar med namnet Lester

Eit utval personar med namnet Lester, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Lester som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg