Artikkelstart
Bjørgvin er eit mannsnamn som er laga på 1870-talet. Bjørg- kan vere tatt frå namn som Bjørg og Bjørgulf, mens -vin kan komme frå til dømes Øyvin(d).
Fornamnet Bjørgvin har ikkje noko med stadnamnet Bjørgvin (jamfør Bergen) å gjere, og dei fyrste belegga på 1800-talet er heller ikkje brukt i Bergens-området. Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.