Milton er eit engelsk mannsnamn som via slektsnamnet Milton går tilbake til stadnamnet Mil-ton. Forleddet kjem av engelsk mill som tyder ‘mølle’.

Det engelske -ton har same språklege bakgrunn som det norske -tun.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Personar med namnet Milton

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd i USA 1881: misjonær Milton H. Knudsen. Under folketeljinga 1900 var han busett i Trondheim.

Kjende personar med namnet Milton

Eit utval personar med namnet Milton, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Milton som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Milton i perioden 1900–2017, var det 67 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Milton. Dette inneber at 33 prosent hadde Milton som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg