Birk går tilbake til eit toledda tysk mannsnamn: Burk-hard. Forleddet tyder ‘borg’ og etterleddet ‘hard’.

I seinare tid kan Birk ha vorte assosiert med treslaget bjørk (jamfør det islandske kvinnenamnet Björk). Fordi namnet også er eit slektsnamn (med eit anna opphav), stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast. Dette forbodet er seinare oppheva.

Kulturell bruk

  • Birk i Astrid Lindgrens «Ronja Rövardotter» (1981), film i 1984.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 994 menn i Noreg som hadde Birk som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 164 gutar som fekk namnet Birk, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Birk har vore eit populært namn frå 1990-åra, og grunnen til dette var figuren Birk i «Ronja Rövardotter» (1981) av Astrid Lindgren (filmatisert i 1984). Elles var toppfasen for dei einstava namna noko tidlegare, 1920–1974. Døme på slike namn er Rolf, Leif, Stein og Geir.

Utvikling i bruk av namnet Birk frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Birk frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer 1992: Bør namnet [Birk] forbydast? [Nytt om namn 15].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg