Gerner er eit tysk mannsnamn som truleg går tilbake til eit innbyggarnamn: person frå Gern (ved München).

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var sjømann og gardbrukar Gerner Theodor Tobiasen fødd 1871 i Spind (Vest-Agder), busett i Lista i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Gerner som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Gerner i perioden 1900–2017, var det 62 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Gerner. Dette inneber at 38 prosent hadde Gerner som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg