Kørner er eit mannsnamn som går tilbake til eit tysk slektsnamn. Det er eigentleg eit tilnamn brukt om ein mann som tar seg av kornet, til dømes ein kornhandlar.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Kørner Simonsen fødd 1892 i Strand (Rogaland), busett i Åkra i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Kørner som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg