Stuart

Stuart er eit mannsnamn. Det er ein variant av Steward som går tilbake til slektsnamnet Stewart som kom i bruk i Skottland på 1500-talet. Slektsnamnet Stewart går tilbake til yrkesnemninga steward som tyder ‘(gods)forvaltar’, seinare også med tydinga ‘proviantforvaltar (på skip)’, jamfør norsk stuert.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Namnet har fleire variantar: Stewart, Stuart.

Kjende personar med namnet Stuart

Eit utval personar med namnet Stuart, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 menn (fødde i Noreg) som hadde Stuart som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg