Astrup er eit mannsnamn som kan førast tilbake til eit dansk stadnamn. Etterleddet -trup svarer til norsk -torp.

Det er fleire stader i Danmark som heiter Astrup, og forleddet As- kan der ha opphav i mellom anna ask og ås. Ein norsk parallell er stadnamna Asktorp og Åstorp. Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 menn (fødde i Noreg) som hadde Astrup som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg