Olander er eit mannsnamn som er kjent sidan 1834. Det er samansett av Ole og Anders. Det greske etterleddet -ander (som i Aleks-ander) kan ha medverka til nylagingar på -ander.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Namnet har fleire variantar: Olander, Oleander.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 130 menn (fødde i Noreg) som hadde Olander som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Olander i perioden 1900–2017, var det 69 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Olander. Dette inneber at 31 prosent hadde Olander som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg