Eik

Artikkelstart

Eik er eit mannsnamn som har vore populært sidan tidleg på 2000-talet. Det er mogleg at Eik går tilbake til treslaget eik på same måte som Ask av ask.

Fordi Eik også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast. Dette forbodet har seinare vorte oppheva.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 100 menn (fødde i Noreg) som hadde Eik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2014: [Espolin] – eit spesielt norsk mellomnamn med opphav i eit islandsk gardsnamn. [Namn og Nemne 31].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg