Sandrup

Artikkelstart

Sandrup er eit mannsnamn som går tilbake til eit dansk slektsnamn. Dette slektsnamnet er ei omforming av det norske slektsnamnet Sandrib (frå gardsnamnet Sandreb i Vest-Agder).

Endingane -drup og -trup i danske gardsnamn svarer til det norske -torp. Sandrup stod på Justisdepartementets liste (1970) over namn som ikkje kan brukast som førenamn fordi det er eit slektsnamn.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Sandrup som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg