Lorang er eit mannsnamn som går tilbake til eit fransk slektsnamn skrive L’Orange eller Lorange. Lorang kan også vere norsk stavemåte av det franske førenamnet Laurent.

Lorang stod på Justisdepartementets liste (1970) over forbodne førenamn.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var matros Lorang Helgesen fødd 1838 i Nøtterøy (Vestfold). Noko tidlegare (1817) hadde rett nok Lorang vorte tatt i bruk som det andre førenamnet.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 450 menn (fødde i Noreg) som hadde Lorang som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Lorang i perioden 1900–2017, var det 73 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Lorang. Dette inneber at 27 prosent hadde Lorang som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg