Meidel er eit mannsnamn som opphavleg er eit slektsnamn som kanskje har komme frå Nord-Tyskland på 1600-talet.

Fordi namnet også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Meidel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Meidel i perioden 1900–2017, var det 75 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Meidel. Dette inneber at 25 prosent hadde Meidel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg