Parelius er eit mannsnamn som opphavleg er eit slektsnamn. Det er ei omsetjing til gresk av stadnamnet Solnør i Ørskog (Møre og Romsdal). Her har Sol-nør vorte til Para-helios. Det greske [helios] tyder ‘sol’ og [para] ‘nær’. (Para- er ei noko fri omsetjing av -nør i Sol-nør.) Endinga-us i Parelius er tatt frå latin, og namnet Parelius inneheld dermed element både frå gresk og latin.

Det var særleg studentar i København på 1700- og 1800-talet som stod for slike omsetjingar. Ludvig Holbergs student Rasmus Berg latiniserte såleis namnet sitt til Erasmus Montanus. Fordi Parelius også er eit slektsnamn, stod det på Justisdepartementets liste (1970) over førenamn som ikkje kunne brukast.

Kjende personar med namnet Parelius

Eit utval personar med namnet Parelius, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Parelius som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Parelius i perioden 1900–2017, var det 95 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Parelius. Dette inneber at 5 prosent hadde Parelius som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Parelius på 1800-talet.

Parelius var klart mest brukt i Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Parelius på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Parelius var klart mest brukt i Nordland.

Historisk bruk av namnet Parelius
Historisk bruk av namnet Parelius
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg