Surtningssue

Surtningssue med Blåbrean sett frå Blåtjønnholet i nordaust. Fremst ligg fjellryggen Surtningssueoksle.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Surtningssue, fjell i Jotunheimen, på grensa mellom Lom og Vågå kommunar, like nord for midten av Gjende; 2368 meter over havet.

Faktaboks

Etymologi
surtning, ‘den svarte’
Også kjent som

Tjukningssuen, Surtningssui, Surtningssua

Frå toppen er det storslått utsikt. På nordsida fell Blåbrean i ei dalsenking mot nordaust. Søraust for hovudtoppen ligg sørtoppen (2302 meter over havet). Det går merka sti frå Memurubu til den høgaste toppen.

Kart

Surtningssue
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg