Faktaboks

Besseggen
Etymologi
av norrønt bersi, ‘bjørn’
Besseggen

Besseggen danner skillet mellom Bessvatnet til høyre og Gjende. Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Besseggen er ein skarp fjellkam i austlege Jotunheimen, Vågå kommune, Innlandet fylke, mellom Bessvatnet (1373 meter over havet) og Gjende (984 meter over havet).

Frå den smalaste staden mellom desse to vatna, Bandet, er det stupbratt nesten 400 meter ned til Gjende. Herfrå går ei smal, bratt egg mot aust opp på Veslfjellet, 1743 meter over havet, med stup på båe sider.

Besseggen er ei av dei mest nytta turrutane i norsk høgfjell, og i 2019 gjekk 60 000 personar denne turen, noko som var ei dobling frå 2011. Turen over Besseggen mellom Gjendesheim og Memurubu tek omtrent sju timar.

I Ibsens Peer Gynt blir Besseggen kalla «Gjendineggen».

Kart

Besseggen
Besseggen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg