Torolv Solheim

Faktaboks

Torolv Solheim
Født
7. november 1907, Sæbø (no Alver), Vestland
Død
23. mai 1995, Oslo

Torolv Solheim. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Torolv Solheim
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Torolv Solheim var ein økonom, politikar, skribent og lektor. I 1950- og 1960-åra spela han ei viktig rolle under etableringa og oppbygginga av Sosialistisk Folkeparti, samtidig som han redigerte det politisk-litterære tidsskriftet Fossegrimen.

Torolv Solheim var fødd i Sæbø (no Alver) i Vestland. Han tok examen artium ved Firda Gymnas i 1929 og utdanna seg ved Universitetet i Oslo, først som statsøkonom (1933) og sidan som aktuar (1939).

Solheim var aktiv både som kommunist og arbeidarpartipolitikar, men enda opp som opposisjonell begge stader. I toppåra for den kalde krigen utfordra han det politiske etablissementet så sterkt at han ei tid hadde bortimot yrkesforbod. Men Solheim tagde ikkje, han utfalda seg gjennom politiske essay, kåseri og artiklar i Fossegrimen.

Kommunist og motstandsmann

I studietida var Solheim ein sentral person i Kommunistisk Studentergruppe, og han redigerte tidsskriftet Kringsjå 1938–1939. Under andre verdskrigen deltok han i den kommunistiske motstandsrørsla og skreiv artiklar for illegale aviser, men etter usemje med leiaren, Peder Furubotn, drog han over til Vestlandet og var med på skipinga av Vestlandske Frihetsråd.

Etter krigen gjorde han forsøk på å få til ei foreining mellom kommunistane og Arbeidarpartiet, men mislukkast. Han gjekk då over til Arbeidarpartiet, og han sat som sekretær i finanskomiteen i Stortinget i 1946–1947.

Samvirkeentusiast og opposisjonell

I 1947 vart Solheim tilsett i Norges Fiskarlag, og han arbeidde spesielt for å utvikle eigne samvirkeordningar blant fiskarane. To år seinare vart han direktør for Fiskarlaget sitt verft i Stongfjorden i Askvoll, men etter deltaking på ein økonomisk konferanse i Moskva i 1952 kom han på kant med leiinga i Fiskarlaget. Litt seinare vart verftet slått konkurs, og Solheim hevda sjølv at dette var på grunn av dei politiske preferansane hans, og at han var utsett for kommunistjakt og mccarthyisme. Frå 1959 til 1974 arbeidde han som lektor, først ved Brevik og seinare ved Porsgrunn gymnas.

Tidsskriftredaktør, essayist og historikar

Solheim redigerte i åra 1954–1968 tidsskriftet Fossegrimen, som var tufta på hans eiga særeigne form for sosialisme. Her tok han opp både innanriks- og utanrikspolitiske tema, og han var ofte svært kritisk til den rådande politikken i samtida. Han var NATO-motstandar og ikkje minst oppteken av å åtvare mot faren for atomkrig, og i Europaspørsmålet føregreip han dei seinare EF/EU-debattane. Innanrikspolitisk stod han for eit utkantperspektiv som bar bod om det distriktspolitiske opprøret som seinare skulle kome.

Med utgivinga av Fossegrimen sytte Solheim for at mange nye politiske og litterære stemmer i samtida sleppte til, mellom andre Berge Furre, Dag Seierstad, Dag Halvorsen, Georg Johannesen, Sigbjørn Hølmebakk, Olav H. Hauge, Axel Jensen, Einar Økland og Tor Obrestad.

Solheim skreiv også fleire bøker, både essay- og artikkelsamlingar og historiske skildringar. Som historikar var Solheim særleg oppteken av å få fram eit historieperspektiv der samfunnsutviklinga vart sedd nedanfrå – i boka I solnedgangstider (1976) tek han for seg fotfolket sitt perspektiv på andre verdskrigen, ikkje leiarane sitt. I Ei strilekrønike (1978) går han fram på same viset – kvardagsliv og lagnad blant allmugen på Strilelandet er hovudtemaet, ikkje rikshistoriske hendingar.

SF-politikaren

I 1959 reiste Solheim kravet om eit nytt parti, «eit parti som gir arbeids- og bustadrom for alle som i dag er politisk heimlause i norsk politikk». To år seinare var han med på å danne Sosialistisk Folkeparti (SF), og i 1963–1971 sat han som leiar for fylkeslaget i Telemark og som representant for SF i bystyret i Porsgrunn. Etter at ungdomspartiet gjorde opprør i 1969, vart Solheim vald til landsleiar for SF, ei stilling han hadde til 1971.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg