Per-Willy Amundsen

Faktaboks

Per-Willy Amundsen

Per-Willy Trudvang

Født
21. januar 1971, Harstad, Troms og Finnmark

Artikkelstart

Per-Willy Amundsen er økonom, stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Troms sidan 2005 og tidlegare justis- og beredskapsminister i regjeringa Solberg i 2017–2018.

Bakgrunn

Per-Willy Trudvang Amundsen er fødd i Harstad i Troms (no Troms og Finnmark). Han var elev ved Heggen gymnas i 1987–1990 og tok førstegongstenesta i Hæren i 1990–1991. Amundsen tok fag ved siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøyskole i 1991–1995 og fag ved IKT-studiet ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (no NTNU) i 1999–2001.

Amundsen arbeidde først som lærarvikar i Harstad i 1995, deretter som konsulent i Cinet Harstad AS i 1995 og ved Ad Notam Norge i 1996–1997. Han var konsulent ved trygdekontoret i Harstad i 1997–1999 og sjølvstendig næringsdrivande i 1999–2001. Han var sjef for forsking og utvikling ved AOT GoOnline AS i 2002–2005.

Politisk karriere

Amundsen var leiar av Harstad FpU i 1986–1990 og leiar i Troms FpU i 1989–1990. Medan han studerte var han medlem av styret for Hordaland FpU i 1992–1994. Han var seinare leiar av Harstad FrP i 2000–2002 og medlem av kommunestyret i Harstad i 1999–2005, dei to siste åra i formannskapet.

Amundsen er sidan 2005 innvald som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Troms. I 2005–2011 var han medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, der han var andre nestleiar i 2005–2009. Han var medlem av energi- og miljøkomiteen i 2011–2013 og medlem av justiskomiteen i 2020, der han har vore leiar sidan 2021. Frå 2013 til 2016 var han statssekretær for kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, og frå desember 2016 til januar 2018 var Amundsen justis- og beredskapsminister i regjeringa Solberg.

Både som Frp sin innvandringspolitiske talsmann og seinare som energi- og klimapolitisk talsmann på Stortinget har han kome med kontroversielle utspel om klima, muslimar og homofili. Fleire av utsegnene provoserte mange meiningsmotstandarar, men han ville ikkje trekkje dei tilbake då han blei statsråd. Amundsen er for ein streng innvandringspolitikk, har uttalt at asylsøkjarar er lukkejegarar, og han er skeptisk til at klimaendringane er menneskeskapte.

Andre verv

Amundsen var leiar av styret for AOT GoOnline AS i 2003–2005 og medlem av Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene i 2006–2007.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg