asylsøkar

Artikkelstart

Asylsøkar er ein person som har søkt om vern (asyl) i eit land, og som ventar på å få søknaden behandla. Det er Utlendingsdirektoratet som har til oppgåve å behandle asylsøknader.

Faktaboks

Også kjent som

asylant

Asylsøkarar i Noreg

Asylsøkarar til Noreg er personar som kjem til landet og søker asyl utan allereie å ha fått status som flyktning av FNs høgkommissær for flyktningar. Ifølgje utlendingslova har personar som kan definerast som flyktningar etter FNs flyktningkonvensjon, rett til asyl. Dersom asylsøkaren ikkje blir rekna som flyktning, kan han likevel få opphald dersom det ligg føre sterke menneskelege omsyn, eller personen har særleg tilknyting til riket, såkalla humanitært opphaldsgrunnlag. Asylsøkaren får fyrst mellombels opphaldsløyve, som kan fornyast. Etter tre år kan ein søke om permanent opphaldsløyve. Ein asylsøkar som får avslag på asylsøknaden, har plikt til å reise ut av Noreg.

Når ein asylsøkar får opphald i Noreg, skal vedkomande bli busett i ein kommune. Busetjing skjer i eit samarbeid mellom Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og kommunane. Eit nasjonalt utval avgjer kor mange flyktningar som skal busetjast det komande året, og fordeler personane regionalt.

Lovverk

Asylsøkarar kan oppnå asyl i Noreg dersom dei oppfyller vilkåra for å bli anerkjende som flyktning. Desse vilkåra står i utlendingslova kapittel 4, som byggjer på reglane etter flyktningekonvensjonen, særleg i artikkel 1 A og artikkel 33.

Også andre internasjonale regelsett er relevante for vurderinga av asylsøknadar, som torturkonvensjonen, Den europeiske menneskerettskonvensjon og barnekonvensjonen. Det følgjer av lovas § 4 at lovas skal nyttast i samsvar med internasjonale reglar som Noreg er bunde av når desse har til formål å styrkje stillinga til utlendingen.

Dublin-avtalen

Saman med EU-landa, Island, Sveits og Liechtenstein er Noreg medlem av Dublin-avtalen, eit regelverk som avgjer kva for eit land som har ansvar for å behandle asylsøknadar. Normalt skal asylsøknader behandlast av det første «Dublin-landet» asylsøkaren kjem til, kalla det første asylland. Når asylsøknaden er avgjord, kan ikkje personen søke asyl på nytt i eit anna land som er medlem av Dublin-avtalen.

Avtalen seier derimot ikkje noko om fordelinga av asylsøkarar mellom dei ulike landa. Erfaring har vist at landa sør og aust i Europa får ansvar for å handtere langt fleire asylsøkarar enn landa lenger nord, og dessutan at ulike land praktiserer Dublin-avtalen ulikt. I 2016 kunngjorde EU-kommisjonen at ein ville revidere Dublin-avtalen.

Nøkkeltal

I 2020 var det 1386 personar som søkte asyl. Av desse var 537 frå Syria og 162 frå Eritrea. Talet på asylsøkarar er reduserte betydeleg frå talet i 2019, då det kom 2305.

I slutten av 2020 budde 1757 asylsøkarar i mottak. Om lag 730 av desse hadde fått endeleg avslag på søknaden sin og budde der sjølv om dei hadde fått beskjed om å forlate Noreg.

Flyktningekrisa i Europa i 2015 medførte langt fleire asylsøkarar enn tidlegare år. I 2015 søkte 30 110 personar asyl i Noreg fram til desember. Av desse var 4950 personar einslege mindreårige asylsøkarar. Det var flest asylsøkarar frå Syria, Afghanistan, Eritrea og Irak i 2015.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg