Olaf er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ó-lafr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘forfader’ og etterleddet ‘arving, etterkommar’.

Paret Olaf – Olav liknar på Alf – Alv på den måten at formene på [-f] er historisk-litterære, mens dei på -[v] har vorte brukte i i talemålet.

Namnet har fleire variantar: Olaf, Olav.

Personar med namnet Olaf

Kulturell bruk

  • » Olaf Liljekrans» (1857) er eit folkevisedrama av Henrik Ibsen.

Kjende personar med namnet Olaf

Eit utval personar med namnet Olaf, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 918 menn i Noreg som hadde Olaf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 11 gutar som fekk namnet Olaf.

Utvikling i bruk av namnet

Olaf var blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen, og grunnen til dette var nok at forma Olaf (brukt om Olav den heilage) stod i tidlege utgåver av Snorre. I perioden 1885–1899 låg Olaf som nummer 5 på ranglista. Forma Olav vart fyrst allment kjent gjennom Snorre-omsetjingar noko seinare (på slutten av 1800-talet). Når Olav likevel hadde eit oppsving frå 1865, kan det forklarast på bakgrunn av materialgrunnlaget for namnestatistikken frå folketeljingane: Den fyrste delen (1800–1864) kjem frå 1865-teljinga, den siste (1865–1899) frå 1900-teljinga. I år 1900 meinte nok mange, også dei som skreiv inn opplysningar i 1900-teljinga, at Olav – ikkje Olaf – var den korrekte forma (på grunnlag av nye Snorre-utgåver), og mange av dei som frå 1865 var oppførte med forma Olaf i kyrkjeboka, fekk dette endra til Olav i 1900-teljinga. Olav var på topp 1905–09, og grunnen til dette var at kronprins Olav fekk dette namnet i november 1905. Før han kom til Noreg, heitte han Alexander Edward Christian Frederik.

Utvikling i bruk av namnet Olaf frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Olaf frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Olaf på 1800-talet.

Olaf var mest brukt i Kristiania og Bergen. Den høge andelen for Olaf i Telemark kan vere ei feilregistrering i folketeljinga .

Geografisk variasjon i bruk av namnet Olaf på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Olaf var mest brukt i Kristiania og Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Olaff.) Den høge andelen for Olaf i Telemark kan vere ei feilregistrering i folketeljinga (for Olav).

Historisk bruk av namnet Olaf
Historisk bruk av namnet Olaf
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg