Per Olaf Lundteigen

Faktaboks

Per Olaf Lundteigen
Født
18. april 1953, Øvre Eiker, Viken

Artikkelstart

Per Olaf Lundteigen er gardbrukar og stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp) frå Buskerud i perioden 1993–1997 og sidan 2005.

Bakgrunn

Per Olaf Lundteigen er fødd i Øvre Eiker i Buskerud (no Viken). Han gjekk vidaregåande skule i Hokksund i 1969–1972 og er utdanna cand.agric. frå Noregs Landbrukshøgskole (no Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)) på Ås i 1977.

Lundteigen var sekretær i Noregs Bondelag i 1977–1979, prosjektleiar i Ringebu kommune i 1979–1982, forskar i budsjettnemnda for jordbruket i 1982–1983, gardbrukar på Gommerud gard frå 1982 og fylkesagronom ved fylkeslandbrukskontoret i Buskerud i 1983–1986.

Politisk karriere

Lundteigen var generalsekretær i Senterpartiet i 1997–1999. Han var leiar av Buskerud Senterparti i 2000–2003 og representant for Senterpartiet i Øvre Eiker kommunestyre i 2003–2007. Han var innvald som stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Buskerud i 1993–1997 og vart vald inn på nytt i 2005.

Lundteigen har vore medlem av finanskomiteenStortinget i 1993–1997 og 2005–2012, av kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2011–2017, av arbeids- og sosialkomiteen i 2012–2025, og av fullmaktskomiteen i 2017–2025. Han var første nestleiar i kontroll- og konstitusjonkomiteen på Stortinget i 2011–2013 og i arbeids- og sosialkomiteen i 2021–2025. Han var statssekretær for statsråd Odd Roger Enoksen i Kommunal- og regionaldepartementet i regjeringa Bondevik i 1999–2000.

Andre verv

Lundteigen var nestleiar i Omsetningsrådet i 1987–1991 og medlem i 1992–1993, medlem av Inntektsutjamningsutvalet i 1987–1988, medlem i Landbrukspolitisk utval i 1987–1990 og medlem av rådet for Makt- og demokratiutgreiingsutvalet i 1998–2003. Han var leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag i 1986–1992.

Utgjevingar

Lundteigen gav ut boka Annerledeslandet – som ikke er seg selv nok saman med Anne K. Grimsrud i 1997, der dei argumenterer for å ta vare på tradisjon og kultur og samtidig ha visjonar om å ville noko betre.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg