Magne Oftedal

Faktaboks

Magne Oftedal
Født
10. mars 1921, Sandnes, Rogaland
Død
26. mai 1985, Oslo

Artikkelstart

Magne Oftedal var ein norsk professor i keltisk språkvitskap. Han publiserte arbeid om språkspor i stadnamn etter dei norrøne busetjingane i Skottland og Irland.

Bakgrunn

Magne Oftedal var fødd i Sandnes i Rogaland og døydde i Oslo. Han tok examen artium i ved Stavanger katedralskole i 1940, vart magister i 1947 ved Universitetet i Oslo i allmenn språkvitskap, med fransk og norsk som støttefag. Tittelen på magistergradsavhandlinga var Ordstruktur i Gjestalmålet.

Språkvitskapen

Oftedal var universitetsstipendiat i allmenn språkvitskap ved Universitetet i Oslo 1949–1954, tok doktorgraden i 1956 på avhandlinga The Gaelic of Leurbost, Isle of Lewis og vart professor i keltisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo i 1957. Føregjengaren var Carl Marstrander, som var ein av lærarane til Oftedal. Ved sida av skotsk-gælisk underviste han også i walisisk og bretonsk. Han var redaktør av tidsskriftet Lochlann – A Review of Celtic Studies frå 1969 til 1974, då tidsskriftet vart lagt ned. Tidsskriftet var eit tillegg til Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap.

Under eit opphald ved University of Wisconsin i 1948 samla Oftedal materiale om norske dialektar i USA. Materialet vart publisert i Einar Haugens verk The Norwegian Language in America (1959). Seinare arbeidde han særleg med skotsk-gæliske dialektar, stadnamn og fonologi. Han publiserte fleire arbeid om stadnamnspor etter den norrøne busetjinga i Skottland og Irland.

Andre verv

Oftedal vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1958. Han var medlem i Norsk språknemnd 1956–1965 og var viseformann 1958–1959 og 1960–1961. Oftedal var òg formann i Norsk forening for språkvitenskap 1956–1957, medlem av Kringkastingsrådet 1959–1966 og styremedlem i Det Norske Teatret 1967–1973. Då Kringkastingsringen vart skipa i 1955, var Oftedal den første formannen (1955–1956).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Einar Haugen: The Norwegian Language in America, bd. 1 og 2. Philadelphia 1953
  • Magne Oftedal: «Stadnamn på framand grunn», i Botolv Helleland: Norske stedsnavn/stadnamn. Oslo1975
  • Magne Oftedal: «The village names of Lewis in the Outer Hebrides», Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap, XVII, 1954
  • Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg