Knut Erik Tranøy

Faktaboks

Knut Erik Tranøy
Født
10. desember 1918, Oslo
Død
19. mars 2012
Tranøy
Av /Universitetet i Bergen.

Artikkelstart

Knut Erik Tranøy var ein norsk filosof. Han var mellom anna professor i filosofi i Bergen og grunnla Senter for medisinsk etikk i Oslo.

Bakgrunn

Knut Erik Tranøy var fødd i Kristiania (no Oslo) og døydde i Bærum i Akershus (no Viken). Han tok examen artium i 1937 og vart cand.mag. frå Universitetet i Oslo i 1943 med faga engelsk, historie og norsk. I november 1943 vart han saman med nærare 700 andre mannlege studentar arrestert og vart seinare send til konsentrasjonsleiren Buchenwald.

Etter andre verdskrigen var han attaché ved den norske ambassaden i Washington i USA i 1946–1947. Han vart interessert i filosofi og tok i 1948 Master of Arts-graden ved University of North Carolina i USA. Avhandlinga galdt det etiske grunnlaget for fredssaka. Han tok doktorgraden i 1953 i Cambridge i Storbritannia på ei avhandling om logikken i normative system. I studietida i Cambridge budde han ei tid i same hus som den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein.

Filosofi

Tranøy var professor i filosofi ved Universitetet i Bergen frå 1959 og ved Universitetet i Oslo frå 1978. Før dette var han dekanus ved historisk-filosofisk fakultetet ved Universitetet i Bergen i 1971–1973, og seinare prorektor ved Universitetet i Oslo i 1981–1984.

Tranøy arbeidde særleg med etikk, mellomalderfilosofi og vitskapsfilosofi, og gjorde eit pionerarbeid når det galdt etableringa av moderne medisinsk etikk i Noreg. Frå 1986 var han professor i medisinsk etikk ved Det medisinske fakultetet ved Universitet i Oslo, der han i 1987 fekk oppretta Senter for medisinsk etikk.

Han gav ut mellom anna Filosofi i vår tid (1968, saman med Jon Hellesnes), Filosofi og vitenskap i middelalderen (1983), Vitenskapen – samfunnsmakt og livsform (1986), Medisinsk etikk i vår tid (1991) og Det åpne sinn. Moral og etikk mot et nytt årtusen (1998). Tranøy var humanetikar, men skreiv to bøker om Thomas Aquinas, Thomas av Aquino som moralfilosof (1957) og Thomas Aquinas. Om loven, Guds attributter, tro og viten, og kjønnslivet i paradiset (1967). I 1970 kom læreboka Vilkårslogikk. Saman med Michael Sars gav han i 1946 ut boka Tysklandsstudentene.

Andre verv og utmerkingar

Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1979 og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1979. I 2002 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hall Bjørnstad: «Sokratisk pessimisme». I Tankebaner. 15 samtaler om det å filosofere i 90-årene. Oslo 1995
  • Andrew J. I. Jones (red.): Knut Erik Tranøy. The Moral Import of Science. Søreidgrend 1988
  • Tryggve Juul Møller mfl. (red.): Studentene fra 1937. Oslo 1962

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg