Jarle Bondevik

Faktaboks

Jarle Bondevik
Født
24. juni 1934, Sogndal, Vestland
Død
4. april 2016, Bergen, Vestland

Artikkelstart

Jarle Bondevik var språkforskar og professor i norsk språk og språkhistorie. Dei viktigaste faglege bidraga hans handlar om utviklingstrekk i nynorsk bibelmål.

Jarle Bondevik var fødd i Sogndal. Han studerte filologi, historie og tysk ved universiteta i Bergen og Oslo, før han avslutta med nordisk hovudfag i Bergen i 1961. Bondevik skreiv hovudoppgåva si om stadnamn frå Sogndal. Etter embetseksamen arbeidde han i to år ved Aarhus Universitet før han slo rot i Bergen. Han var først lektor ved Bergen off. lærarskule i 1963–1972, så tilsett ved Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen frå 1972. Han disputerte i 1985 med avhandlinga Studiar i det nynorske bibelmålet. Morfologi og ordtilfang. I 1993 vart han tilsett som professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han var også professor II ved Høgskulen i Volda i perioden 1991–1999.

Utan tvil er doktoravhandlinga Bondeviks viktigaste faglege arbeid. Å velje å skrive ei heil avhandling om nynorsk bibelmål i ein språkhistorisk kontekst, har ingen andre gjort. Og det bryt med noko som nærast har vore konstituerande for arbeidet med norsk språkhistorie frå og med dansketida, nemleg vektlegginga på talespråk på kostnad av skriftspråk. Utviklinga av norsk skjønnlitterært språk, stilistisk historie og bibelspråkshistorie er så å seie heilt fråvernade i norske språkhistorier. Jamført med dei fleste andre land, er Noreg unik i så måte. Derfor er det all grunn til å framheve det arbeidet Bondevik har gjort.

Saman med Oddvar Nes og Terje Aarset tok Bondevik initiativ til Ivar Aasen-selskapet, skipa 10. mars 1991. Saman redigerte dei og gav ut fleire skrifter av Ivar Aasen.

Dei samla publikasjonane til Bondevik viser også ei rekkje andre døme på samarbeid med kollegaer. Han har vore medredaktør av fleire festskrift og har også skrive artiklar i lag med andre, samstundes som han publiserte bøker og artiklar som eineforfattar. I 2003 gav han ut boka Og ordet vart nynorsk, som viser framveksten av nynorsk som bibelmål, og som har doktorarbeidet hans som bakteppe. Han forska òg gjennom mange år på det eldre landsmålet og på dialektar, og i 1990 skreiv han om «Modalsmålet» i Bygdebok for Modalen. Mykje av det han skreiv om talemål og dialekter, har ei klar lokal eller regional vestnorsk forankring.

Han var medlem av Norsk språkråd i åra 1988–1995.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Johannessen, O.-J. & Nes, O., red. (2004): Folkemål, landsmål, bibelmål. Heidersskrift til Jarle Bondevik. Øvre Ervik: Alvheim & Eide

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg