Kjartan Ottosson

Faktaboks

Kjartan Ottosson

Kjartan Gyðuson Ottósson

Født
14. januar 1956, Reykjavík
Død
28. juni 2010, Reykjavík
Kjartan Ottosson
Kjartan Ottosson
Av .

Artikkelstart

Kjartan Ottosson var ein islandsk-norsk språkforskar. Han var svært aktiv som forskar og fekk publisert mange og vektige bidrag til islandsk og skandinavisk språkhistorie.

Ottosson tok kandidateksamen i islandsk språkvitskap ved Islands universitet i 1982. I studietida hadde han fleire studieopphald utanlands, ved Universität zu Köln 1976–1977 og 1981–1982, ved Lunds universitet 1985–1988 og ved University of Maryland 1988–1992. Han blei fil.dr. frå Lunds universitet i 1992 og var professor i islandsk ved Universitetet i Oslo 1992–2010 og professor II ved Universitetet i Bergen frå 2008.

Trass i at han døydde tidleg (54 år gammal), har Ottosson etterlate seg ein imponerande fagleg produksjon, fleire bøker og ein rad artiklar i nasjonale og internasjonale tidsskrift. Han var også aktivt med i fleire større forskingsprosjekt. Alle arbeida hans er kjenneteikna av ein kombinasjon av moderne lingvistisk teori og godt filologisk handverk, med nødvendig innsikt i og respekt for primærkjeldene. Han naut stor respekt både som filolog og lingvist.

Forsking

Ottossons forsking knyter seg særleg til islandsk og norrøn verbalmorfologi og syntaks. Doktoravhandlinga, The Icelandic Middle Voice. The Morphological and Phonological Development (1992), tar for seg utviklinga av den mediopassive verbforma frå dei eldste norrøne kjeldene og fram til moderne islandsk. Hovudvekta ligg på å forstå utviklinga av formene i 1. person eintal og 1. person fleirtal, der Ottosson kombinerer både reint lydlege (fonologiske) og morfologiske faktorar for å forklare utviklinga.

Eit anna større arbeid om verbalbøying er artikkelen «Utviklinga av person- og numerusbøyinga av verb i gammalnorsk og mellomnorsk» (2003) som byggjer på grundige studium av norske mellomalderhandskrift, særlig diplom frå seinmellomalderen, der Ottosson etablerer ein sikrare relativ og absolutt kronologi for dei endringane som skjer på vegen frå gammalnorsk til nynorsk språkform.

Ein heilt annan del av språkhistoria er tema for monografien Íslensk málhreinsun. Sögulegt yfirlit (= Islandsk purisme. Historisk oversyn, 1990) som tar opp alle aspekt av islandsk purisme, både når det gjeld uttale, bøying, syntaks og ikkje minst ordforråd, heilt frå reformasjonen og fram til i dag. Boka blei publisert av det islandske språkrådet (Íslensk málnefnd) og har blitt standardverket om islandsk purisme. Ho ble trykt opp att i 2009.

Ottosson har også skrive innsiktsfullt om faghistoria til nordistikken og den metodologien som er i bruk i faget. Særleg er det grunn til å framheve den grundige artikkelen «Den isländska språkhistoriens primärkällor och deras användning eller är historisk lingvistik möjlig utan filologi?» (1988), som han skreiv mens han var i Lund og arbeidde med doktoravhandlinga. Dette er ein presis og uttøymande gjennomgang av kjeldene til islandsk språkhistorie og ein diskusjon om korleis dei best bør utnyttast, med eit vell av observasjonar og kritiske merknader.

Da Kjartan Ottosson saman med kollegaer frå Island publiserte boka Linguistic Studies, Historical and Comparative med artiklar av Hreinn Benediktsson (1928–2005), professor i islandsk språkhistorie ved Islands universitet, skreiv han eit innleiingskapittel om Hreinn Benediktssons vitskaplege forfattarskap på heile 67 sider. Der nytta han høvet til å «acknowledge my indebtedness to Hreinn Benediktsson, who has taught me more than any other teacher».

Med studieopphald både i Tyskland, Sverige og USA publiserte Ottosson både på tysk, engelsk, svensk og norsk – i tillegg til på sitt eige morsmål islandsk. Hans norske språk var nynorsk. Etter ei tid i Noreg søkte han – og fekk – norsk statsborgarskap og fjerna samtidig den islandske aksenten i patronymikonet Ottósson.

Andre faglege interesser

Kjartan Ottosson hadde mange interesser. Eit av dei aller første faglege arbeida hans dreier seg om jordskjelv på Island mellom 1900 og 1929 (1980) og blei utgitt av Institutt for naturvitskap ved Islands universitet. Han publiserte også verk som dokumenterer kompetanse i litteratur og folkloristikk.

Hovudinteressa hans var likevel språk. Han samla så å seie på dei, anten det var gamle indoeuropeiske språk som hettittisk eller sanskrit, eller moderne språk som han blei inspirert til å lære seg fordi han reiste dit det aktuelle språket blei talt. Han var uvanleg språkleg gåverik.

Det var meininga at Ottosson skulle bidra med ein viktig artikkel om norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid (1525–1814) i det planlagde norske språkhistorieverket i fire band som kom ut i 2016–2018. Han arbeidde med å planleggje eit fagseminar for dei forfattarane som skulle skrive i dette bandet, men døydde berre månader før seminaret blei realisert. Trass i dette har han mykje av æra for at det første bandet («Mønster») har høg fagleg kvalitet og kom godt i hamn.

Æresprisar

Kjartan Ottosson fekk i 1992 Kockska belöningen frå Vetenskapssocieteten i Lund for doktoravhandlinga si, og i 2008 fekk han Professor Ingerid Dal og Søster Ulrikke Greve Dals pris for humanistisk forsking, for studia sine av indoeuropeisk språk og islandsk språkhistorie.

Etter at Ottosson døydde, kom det 17 minneord om han i det islandske Morgunblaðið, noko som viser kor omtykt og respektert han var på Island. I Noreg hadde avisa Dag og Tid ein vakker nekrolog skriven av venner og kollegaer ved Universitetet i Oslo.

Les meir i Store norske leksikon

Kjelder

  • Sandøy, Helge og Jahr, Ernst Håkon (red.): Norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid (1525–1814). Minneskrift for Kjartan Ottosson. Oslo, 2011. ISBN 978-82-7099-655-1.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg