Faktaboks

Fyresvatnet
Etymologi

Opphavleg Fyrir, mogleg ei avleiing av trenamnet furu, eller av preposisjonen fyrir, 'framfor'

Region
Telemark
Kommune
Fyresdal
Vassdrag

Arendalsvassdraget

Viktigaste tilløp
Daleåna
Viktigaste utløp
Fyresdalsåna (Nidelva)
Areal
49 km2
Djupn
369
Fyresvatn mot nord, sett frå Våmur.
/Lokalhistoriewiki.
Lisens: CC BY SA 3.0

Fyresvatnet er ein innsjø i Fyresdal kommune, Telemark fylke; 49,3 kvadratkilometer, 277 til 281 meter over havet. Største djupna er 369 meter. Fyresvatnet er med dette blant Noregs djupaste innsjøar.

I den sørlege enden er breiddene bratte og tynt busett. I nord, ved Fyresdal kyrkje, er terrenget opnare og busetnaden tettare. Her ligg Fyresdal sentrum. Fyresvatnet har avløp gjennom Fyresdalsåna, som ved Haugsjåsund møter Nisserelva, der Nidelva byrjar. Viktigaste tilløp er Daleåna frå nord. På austsida av vatnet går Fylkesveg 355.

Kart

Fyresvatnet
Fyresvatnet
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg