Faktaboks

Charlotte Lennox
Fødd
1729, Gibraltar
Død
4. januar 1804, London, England
Levetidskommentar
Født anten 1729 eller 1730
Verke
forfattar
Charlotte Lennox (utsnitt)
Av .

Charlotte Lennox var ein britisk forfattar av romanar, skodespel og dikt frå midten til slutten av 1700-talet. Ho er særleg i dag hugsa for den parodiske romanen The Female Quixote, men også som ein tidleg, feministisk litteraturkritikar.

Bakgrunn

Som dotter av ein kaptein i den britiske hæren blei Charlotte Ramsay født i Gibraltar og vaks deretter opp i dei amerikanske koloniane (New York). Men som 14-åring var ho tilbake i England og budde sidan mest i London.

Alt som 17–18-åring i 1747 gav ho ut si første bok, diktsamlinga Poems on Several Occasions, og gifta seg same året med Alexander Lennox. Dei fekk to barn som levde opp, og som forsørgar prøvde Charlotte Lennox stadig å tene pengar på skrivinga si, og arbeidde også som skodespelar. Men ho lukkast aldri heilt med den målsettinga og døydde fattig.

Nettverk og vennskap

Nine living muses
Charlotte Lennox til høgre med instrument
Av .

I samtida var Lennox eit velkjent namn, og romanane hennar fekk overdådig ros av menn som Samuel Johnson, Samuel Richardson og Henry Fielding. Ho kjende også dei såkalla Blåstrømpene og er med på det kjende maleriet av Richard Samuel som viser ni av dei som klassiske muser. Dei åtte andre er Anna Laetitia Barbauld, Elizabeth Carter, Elizabeth Griffith, Angelica Kauffman, Elizabeth Linley, Catherine Macaulay, Elizabeth Montagu og Hannah More. Dette betyr ikkje at alle desse var like eller hadde liknande livsprosjekt, men biletet viser at dei var alle rekna som viktige tenkjarar eller intellektuelle i samtida.

Forfattarskap

Ho debuterte som lyrikar med diktsamlinga Poems on Several Occasions alt i 1747. Lennox gav ut sju romanar over ein førtiårsperiode mellom 1751 og 1791, og alle hadde kvinnenamn på tittelbladet. Dette er ein peikepinn på at hovudmålgruppa for romanane var damer.

Den kvinnelege riddarparodien

Tittelblad første utgåve

Den aller mest kjende og omtalte av desse sju var The Female Quixote: or The Adventures of Arabella (1752). Tittelen er ein allusjon til Miguel de Cervantes berømte riddarparodi Don Quijote frå starten av 1600-talet. Men Lennox snur på flisa og let det vere ei kvinne, Arabella, som les for mange riddarromanar og trur ho kan leve livet etter same mønster.

Seinare skreiv Jane Austen ein liknande parodi over dei populære romanse-forteljingane, i romanen Northanger Abbey (1817). Ho var inspirert av mellom andre Charlotte Lennox, og også Austen sin hovudperson (Catherine Morland) må lære seg skilnaden mellom fiksjonen og det verkelege livet. Men dei to forfattarane har elles ulik tilnærming til heltinnene sine. Lennox er satirisk og avslørande, medan Austen kombinerer parodien med eit realistisk portrett av ei sympatisk og vanleg ung jente.

Feministisk Shakespeare-kritikar

Lennox lærte seg fleire framandspråk som fransk og italiensk og omsette også verk til engelsk. Ho interesserte seg mellom anna for dei gamle forteljingane bak William Shakespeare sine teaterstykke og gav ut trebindsverket Shakespeare Illustrated (1753–1754). Her hevdar ho at Shakespeare sine kvinner er forminska versjonar av dei mange sterke kvinnene ein finn i kjeldene han brukte. Han gir kvinnefigurane mindre makt og uavhengigheit enn dei hadde opphavleg, meiner ho. Lennox er difor rekna som ein tidleg feministisk litteraturkritikar som våga lese mannlege verk med kvinnelege briller.

Tidsskriftredaktør

I ein kortare periode i 1760 og 1761 var Lennox redaktør og hovudskribent i månadstidsskriftet The Lady's Museum. Om lag 15 år tidlegare hadde romanforfattaren Eliza Haywood gitt ut eit anna kvinnetidsskrift med namn The Female Spectator (1744–1746). Det florerte med tidsskrift på 1700-talet, dei fleste av menn, og nesten alle var aktive berre eitt eller nokre få år. Føremålet var ofte å formidle ei brokete blanding tekstar til underhaldning og opplysing. Og Lennox ønska også å bidra til nytte og danning for kvinnene.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Carlisle, Susan (2018). Charlotte Lennox: An Independent Mind, University of Toronto Press.
  • Plante, Kelly og Karenza Sutton-Bennett (2023). «A Numerous and Powerful Generation of Triflers»: The Social Edition as Counterpublic in Charlotte Lennox's The Lady's Museum (1760-61) and The Lady's Museum Project (2021-). Eighteenth-century fiction, Vol.35(2), 287-301.
  • Shurer, Norbert (red) (2012). Charlotte Lennox. Correspondence and Miscellaneous Documents, Rowman & Littlefield.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg