Faktaboks

Eliza Haywood
Fødd
England
Død
25. februar 1756, London, England
Levetidskommentar
Ukjend fødselsår, cirka 1693
Verke
forfattar
Eliza Haywood, 1725

Eliza Haywood var ein engelsk forfattar og redaktør og ein av dei aller mest produktive på første halvdel av 1700-talet. Ho er i dag ikkje minst hugsa som den første kvinnelege redaktøren for eit tidsskrift i Storbritannia. Ho laga The Female Spectator som motsvar mot det kjende, mannlege tidsskriftet The Spectator.

Bakgrunn og privatliv

Sjølv om namnet og forfattarskapen var godt kjend i samtida, har ettertida visst lite om kvar ho kom frå, kven ho var gift med, og andre detaljar om privatlivet. Berre dødsdatoen er kjend, og sidan ho skal ha vore om lag 60 år då ho døydde, går ein ut frå at ho var fødd rundt 1693.

Ho blir først nemnd som skodespelaren «Mrs Haywood» i 1715. Ho presenterte seg sjølv som enke etter eit uheldig ekteskap og eineforsørgar for to born, men det var flust med spekulasjonar i samtida om menn ho skal ha hatt forhold til, ikkje minst etter at diktaren Alexander Pope latterleggjorde henne (og andre) i The Dunciad (1728).

Publikasjonar

Haywood var enormt produktiv som forfattar, og publikasjonslista omfattar over 70 utgjevingar. Dei fleste av desse var romanar, men også skodespel, dikt og andre sjangrar.

Romanane var sentimentale og sensasjonelle kjærleiksromanar, den første heitte til dømes Love in Excess (1719–1720). Samstundes utvikla ho ein tydeleg kvinnetematikk i bøkene sine, der kjærleikstilhøva blir sett frå kvinnene sin ståstad, og alt i den første boka viser ho stor forståing for såkalla «falne kvinner». Kvinnene er gjerne subjekt heller enn objekt for menns begjær, til dømes i Fantomina (1724), der ei kvinne lurer ein mann ved å skape seg om i ulike roller for å forføre han.

Dei siste romanane var meir realistiske, seriøse ekteskapsromanar, til dømes The History of Miss Betsy Thoughtless (1751), der ho eksperimenterte med komplekse plott.

Ho svarte også på andre forfattarkollegaer sine arbeid. The Opera of Operas (1733) er ein musikalsk adaptasjon Henry Fieldings The Tragedy of Tragedies. Og ho skreiv ein satirisk Anti-Pamela (1741) som svar på Samuel Richardsons kjende roman om den dydige kvinna Pamela frå året før.

Tidsskriftredaktøren

Illustrasjon frå «The Female Spectator»

Eliza Haywood var den første kvinna i Storbritannia som gav ut eige tidsskrift. Namnet The Female Spectator er ein allusjon til det kjende tidsskriftet The Spectator, som Joseph Addison og Richard Steele gav ut tre tiår tidlegare, i 1711–1712 og i 1714. Hos Haywood er dei mannlege «tilskodarane» og kommentatorane bytta ut med fire kvinnestemmer, og ho gir slik eit kvinneblikk på samtida.

Som i andre tidsskrift var innhaldet blanda og meint både som underhaldning og opplysing. Dei i alt 24 nummera ho laga mellom 1744 og 1746, inneheldt også fortelljingar ho hadde skrive sjølv. Likevel stod aldri namnet hennar på trykk i bladet, og anonymitet var også vanleg i tidsskrifta. Men i ettertida er Eliza Haywood si rolle som tidsskriftredaktør like viktig som hennar rolle i å utvikle den tidlege romanen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bocchicchio, Rebecca og Kirsten T. Saxton (red) (2000). The Passionate Fictions of Eliza Haywood: Essays on Her Life and Work, University Press of Kentucky.
  • Merritt, Juliette (2004). Beyond Spectacle: Eliza Haywood's female spectators, University of Toronto Press.
  • Potter, Tiffany (red) (2020). Approaches to Teaching the Works of Eliza Haywood, The Modern Language Association of America.
  • Schofield, Mary Anne (c. 1982). Quiet Rebellion: the fictional heroines of Eliza Fowler Haywood, University Press of America.
  • Wright, Lynn Marie og Donald J. Newman (red) (c. 2006). Fair Philosopher: Eliza Haywood and The Female Spectator, Bucknell University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg