Jane Austen var ein engelsk forfattar av realistiske romanar midt i den romantiske perioden på tidleg attenhundretal. Dei seks hovudverka Stolthet og fordom, Fornuft og følelse, Mansfield Park, Emma, Overtalelse og Northanger Abbey blir rekna som viktige bøker i verdslitteraturen. Dei har nådd eit stort publikum gjennom omsetting til mange språk og i nyare tid også gjennom film og TV-seriar. Som mange andre publiserte ho romanane sine anonymt, og var difor ukjent i si eiga levetid.

Alle romanane handlar om unge kvinner (og menn) som møter store utfordringar med å handtere kjærleiksliv og samfunnskrav.

Jane Austen sine bøker handlar om korleis pengar og makt og eit strengt klassesamfunn set grenser for den einskilde. Ho skreiv om generasjonsmotsetnader, feilande foreldre, tåpelege tenåringar, og nysgjerrige naboar. Og ho skreiv ikkje minst om unge menneske som prøver å finne rett veg og rett partnar i livet. Det er tidlause problemstillingar som har oppteke forfattarar til alle tider, og Austen var ein meister i å lage gode kjærleikshistorier. Men måten ho skreiv på var alltid ironisk, aldri sentimental og romantisk. Ho hadde ein særeigen sans for det komiske i all menneskeleg veikskap, og var ein meister i vise fram dårskap og jåleri i svært velskrivne dialogar. Persongalleriet har difor ofte blitt samanlikna med Shakespeare sine karakterar sidan dei første artiklane om henne kom på 1820 talet.

Opningssetningane i den andre romanen hennar, Stolthet og fordom (originaltittel: Pride and Prejudice), er eit slåande eksempel på den ironiske grunnhaldninga, då dei avslører det latterlege i damene sin desperate jakt på ein rik friar: ‘Det er ei evig gyldig sanning at ein einsleg mann med stor formue må trenge ei kone. Same kor lite ein veit om hans kjensler og meiningar når han er nykommar i nabolaget, er denne sanninga så rotfesta i hovudet på alle familiane i nærleiken, at han blir betrakta som rettmessig bytte for ei eller fleire av døtrene deira.’ Slik sarkastisk utlevering av det sosiale samspelet er typisk for Austens litterære stil og tone.

Jane Austen vaks opp i ein stor og litterært interessert familie på ein landleg prestegard i Hampshire. Ho skreiv fortellingar og små skodespel frå ho var barn, og samla dei i hefter, gjerne med teikningar av søstera Cassandra. Allereie her avslører Jane denne særeigne ironiske teften og sansen for humor som pregar heile forfattarskapen. Som nittenåring skreiv ho ein parodisk brevroman om ein egosentrisk flørt som lurer heile det gode selskap med kunstene sine (Lady Susan). Denne blei filmatisert av Whit Stillman som Love and Friendship i 2016, kanskje den første filmen som er like konsekvent ironisk som forfattaren sjølv.

Faren, sokneprest og privatlærar George Austen, kontakta eit forlag på vegner av dottera i 1797, men dei var ikkje interessert i å lese manuskriptet til First Impressions (som seinare blei Pride and Prejudice). Det skulle ta fjorten år frå dette første forsøket til den første boka kom på trykk i 1811. Då hadde Jane skrive tre romanar, og kvar av dei vart omarbeidd fleire gonger for å perfeksjonere forteljekunsten.

Då faren pensjonerte seg i 1801, flytta foreldre og døtrer frå landet til byen Bath, som seinare dukkar opp i romanane Persuasion og Northanger Abbey. Etter at faren døydde i 1805, budde dei ein periode i Southampton, hos broren James og familien. Men det var først då damene slo seg ned i landsbyen Chawton i 1809 at Jane fekk ro til å arbeide.

Familien bestod no av Jane, Cassandra og mora. Ingen av dei to søstrene gifta seg, sjølv om begge var forlova. Cassandra sin kjæraste døydde, og Jane ombestemte seg berre ein dag etter at ho hadde sagt ja til friaren Harris Bigg-Wither i 1802. Biografiske fiksjonsfilmar som Becoming Jane (2007) og Miss Austen Regrets (2008) bygger videre på ungdomsromansen med iren Tom Lefroy i 1796 og ein ubekrefta avvising av presten Edward Bridges i 1808, som for å bøte på den tilsynelatande mangelen på romantikk i forfattarens eige liv.

Det verkar som Jane Austen hadde eit sterkt indre driv til å skrive, og var opptatt av å bruke alle ledige stunder av dagen til dette etter at dei huslege pliktene var gjort. Arbeidstilhøva var svært enkle: ho sat ved eit ørlite bord i familiens tronge stue, og må stadig ha blitt avbroten. Likevel var dette ein svært produktiv periode.

Det var nesten ingen utanfor familien som visste at Jane Austen skreiv romanar. Sjølv om (eller nettopp fordi) mange romanforfattarar på den tida var kvinner, var det ikkje ein respektert sjanger, og strenge familiefedrar ville ikkje eingong tillate døtrene å lese slikt. Jane Austen var ein av dei som heva statusen til romansjangeren ved å bruke han på ein ny måte, til å reflektere og kommentere samtida.

Diverre fekk ho ikkje fullført dette livsverket. Ho døydde av sjukdom berre 41 år gammal, og måtte gi slepp på pennen midt i arbeidet med ein ny roman (Sanditon). Med seks utgjevingar på sju år, kan ein berre ane kva som ville ha blitt skrive om ho hadde levd lenger.

Sidan ho publiserte romanane sine anonymt, var ho heilt ukjent i si eiga levetid. Først då nevøen James Edward Austen-Leigh skreiv den første biografien i 1869, og grandnevøen Lord Brabourne gav ut ei samling brev i 1884, byrja så smått den merksemda som seinare har gjort henne til ein av verdas mest kjente forfattarar.

Fornuft og følelse (originaltittel: Sense and Sensibility) er ein omarbeidd versjon av ein brevroman Austen skreiv midt på 1790-tallet, og utgjeven i 1811. Dei tre søstrene Elinor, Marianne og Margaret Dashwood må reise frå barndomsheimen saman med mora etter at faren er død og sonen arvar eigedomen. Dei må lære å klare seg med eit lite hus og endå mindre pengar, og tittelen viser til deira ulike personlegdomar og måtar å takle situasjonen på. Den fornuftige Elinor får likevel nok av kjensler å handtere, og den romantiske Marianne får eit kraftig møte med den harde røynda. Romanen blei omsett til norsk i 1997.

Stolthet og fordom (Pride and Prejudice) var også opphavleg skrive då Jane Austen var i tjueåra, men mykje omarbeidd og forkorta før utgjeving i 1813. Tittelen viser igjen til ein kollisjon mellom personlegdomar. Hovudpersonen Elizabeth Bennet har sterke fordommar mot den hovmodige rikmannen Mr Darcy, sjølv om dei begge etterkvart møter seg sjølv i døra som like stolte og like fordomsfulle. Elizabeth er ei av fem søstrer som nok har ein velståande far, men som vil bli både huslause og pengelause den dagen han døyr, til moras store bekymring. Romanen er blitt omsett til norsk fem gonger med ulike titlar, første gong i 1930 og sist i 2003.

Mansfield Park er den fjerde romanen Austen skreiv, men den tredje ho fekk utgitt, i 1814. Fanny Price er dotter av ein fattig sjømann i ein barnerik familie i Portsmouth, men blir som tiåring plutseleg adoptert av rike slektningar på godset som romanen har namn etter. Ho er sjenert, engsteleg og ulykkeleg, og veks opp nærast fanga i eit klassesamfunn der ho uansett fell utanfor, aldri god nok for dei rike, og for fin for dei fattige. Romanen fekk norsk omsetting i 2000.

Emma, utgitt i 1815, har motsett hovudperson frå den førre romanen. Emma Woodhouse er den bortskjemte rikjenta som trur ho kan styre alle andre sine liv også, og må lære å sjå at ho kan ta grundig feil. Som tjueein-åring styrer ho godset for den aldrande, hypokondriske faren som er enkemann, og det må nokre alvorlege tabbar til, og ein konflikt med den gamle venen Mr Knightley, før ho lærer. Romanen vart omsett til norsk i 1996.

Overtalelse (originaltittel: Persuasion) er den siste romanen Austen rakk å skrive ferdig, og vart gitt ut av broren Henry eit halvår etter at ho døydde i 1817. Den handlar om ein overklassefamilie i forfall, der enkemannen Sir Walter Elliot og dei tre døtrene må forlate godset Kellynch Hall etter årelangt, ansvarslaust sløseri. Familien er prega av snobberi og hjarteløyse, berre Anne på tjuesju har andre verdiar enn pengar og status. Ho sørger framleis over kjærasten Frederick Wentworth, som ho blei overtalt til å gi avkall på som nittenåring fordi han var fattig. Boka er omsett til norsk to gonger med 127 års mellomrom, i 1871 med tittelen Familien Elliot og i 1998 med tittelen Overtalelse.

Northanger Abbey er ein av dei tre tidlege romanane Austen skreiv, sjølv om den først kom ut etter ho var død i 1817, i samme bind som Persuasion. Eit forlag hadde kjøpt manuskriptet alt i 1803, men romanen, som då heitte Susan, blei aldri publisert, og i 1816 kjøpte Austen tilbake rettane. Tenåringen Catherine Morland, frå ein barnerik prestefamilie, får bli med ei tante på ferie til Bath, og er ein storøygd og ganske naiv observatør av det urbane livet. Ho er ein ivrig lesar av romantiske forteljingar, med ein hang til å tru at dei stemmer med det verkelege livet. Når ho blir invitert til godset Northanger Abbey, aner ho ugler i mosen; har General Tilney myrda sin eiga kone? Northanger Abbey er ikkje omsett til norsk.

Jane Austens bøker har lenge vore populært kjeldemateriale for filmregissørar og fjernsynsprodusentar på jakt etter gode plott og miljø. Den første fjernsynsversjonen kom i 1938, og den første kinofilmen i 1940, begge av Pride and Prejudice. Dagens sjåarar kan velgje mellom fire tilgjengelege adaptasjonar av denne romanen, og det same for Sense and Sensibility og Emma. Det finns tre versjonar kvar av Persuasion og Mansfield Park, og to av Northanger Abbey. Dessutan var der fleire fjernsynsproduksjonar frå 1950 og 60 talet som no er utilgjengelege. I tillegg til desse tala kjem ei rekke filmar med moderne setting, ofte lagt til andre stader på kloden, som USA eller India. Til saman er det laga over førti filmversjonar av bøkene, i seinare år også i form av YouTube bloggar (Lizzie Bennet Diaries, 2012 og Emma Approved, 2015).

Berømte skodespelarar frå Laurence Olivier (1940) til Keira Knightley (2005) har tolka Austens personar, eller dei blei berømte på grunn av ei slik rolle (Colin Firth, 1995). Ikkje minst er Emma Thompson, Hugh Grant, Alan Rickman og Kate Winslet i same film minneverdig (Sense and Sensibility, 1995), og ei slik rolleliste seier noko om Jane Austens status i moderne film.

Ein film er aldri det same verket som romanen, difor har alle desse filmane og seriane ulike tema og fokus, ulik språkstil, klesdrakt, landskap og interiør. Alle filmskaparar leverer si eiga tolking av Jane Austens dikting, nokre også som medviten strategi. Fay Weldon sin lett feministiske tolking av Pride and Prejudice i 1980 gjorde hovudpersonen meir ufeilbar, faren mørkare og mora meir rasjonell. Manusforfattaren i 1995, Andrew Davies, gav meir plass til Darcy sine kjensler og reaksjonar, med det resultatet at Colin Firth framleis er minst like høgt elska av fansen som Jane Austen er det. Mansfield Park har fått tre svært forskjellege tolkingar som stort sett berre har namn, hovudhandling og ein del dialog felles. Den eldste frå 1983 er tradisjonsbunden og noko stiv, den nyaste frå 2007 er sentimental og banal, mens 1999 filmen er ei av dei mest eksperimentelle tolkingane av alle. Filmskapar Patricia Rozema har blikk for Jane Austen sin ironiske forteljartone, og finn tilsvarande filmteknikkar som gir mykje av det same inntrykket, på liknande måte som Whit Stillman i 2016.

I åra etter 2011 har det vore ei rekke feiringar av 200 årsjubileum for dei seks romanane, og til slutt minnemarkering for Austens død i 2017. I dette høvet er Austen sitt andlet kome på engelske tipundsetlar og topundsmyntar. Rett nok valde dei eit seinare, viktoriansk portrett, og eit sitat som avslører mangelfull lesing av bøkene. På pengesetelen seier Jane Austen: ‘Eg vil påstå at det faktisk ikkje finns større gleder enn lesing!’ (‘I declare after all there is no enjoyment like reading!’). Dei som har lese Pride and Prejudice veit at dette blir uttalt av ein overflatisk og snobbete person som aldri les ei bok. Slik blir Jane Austen sin ironi ofte oversett også av dei som feirar henne.

Det finns ein stor fankultur som produserer etterlikningar og oppfølgjarar til bøkene, som for eksempel P.D. James Death Comes to Pemberley, lansert som film i 2013. Mange lesarar og sjåarar er Lost in Austen som det heiter i 2008-filmen der ein moderne Jane Austen-beundrar gjer ei tidsreise og bytter plass med Elizabeth Bennet. Turistindustrien produserer såpe og nattkjolar i Jane Austen stil.

Seth Graham skreiv i 2009 ein skrekkparodi på Stolthet og fordom, med tittelen Pride and Prejudice and Zombies, og boka blei filmatisert i 2016.

Der er Jane Austen Society i Japan og Pakistan så vel som i USA og Canada, Nederland og Australia, og bøkene er omsett til dei fleste store og mange mindre språk. Etter to hundre år blir Jane Austen lest meir enn nokon gong.

Sense and Sensibility (1811).

  • Norsk utgåve: Fornuft og følelse, 1997, omsett av Merete Alfsen.

Pride and Prejudice (1813) er omsett fem gonger:

  • Elizabeth og hennes søstre, 1930, omsett av Alf Harbitz.
  • Stolthet og fordom, 1947, omsett av Lalli Knutsen.
  • Stolthet og fordom, cirka 1972, omsett av Eivind og Elisabeth Hauge.
  • Omvei til lykken, 1974, ukjent omsettar for føljetong i Familien.
  • Stolthet og fordom, 2003, omsett av Merete Alfsen.

Mansfield Park (1814).

  • Norsk utgåve: Mansfield Park, 2000, omsett av Merete Alfsen.

Emma (1815).

  • Norsk utgåve: Emma, 1996, omsett av Merete Alfsen.

Persuasion (1817) er omsett to gonger:

  • Familien Elliot, 1871-72, ukjent omsettar for føljetong i Morgenbladet.
  • Overtalelse, 1998, omsett av Merete Alfsen.

Knox-Shaw, Peter, Jane Austen and the Enlightenment, Cambridge University Press, 2004.

Le Faye, Deirdre, red., Jane Austen’s Letters, Oxford University Press, 1995.

Lynch, Deirdre, red., Janeites: Austen’s Disciples and Devotees, Princeton University Press, 2000.

Stafford, Fiona, Jane Austen: A Brief Life, Yale University Press, 2017.

Sørbø, Marie Nedregotten, Jane Austen Speaks Norwegian: The Challenges of Literary Translation, Brill, 2018.

Sørbø, Marie Nedregotten, Irony and Idyll: Jane Austen’s Pride and Prejudice and Mansfield Park on Screen, Rodopi, 2014.

Sørbø, Marie Nedregotten, “Jane Austen and Norway: Sharing the Long Road to Recognition”, i The Reception of Jane Austen in Europe, red. Brian C. Southam og Anthony Mandal, Continuum, 2007,revidert utgåve Bloomsbury 2014.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.