Faktaboks

Hannah More
Fødd
2. februar 1745, Stapleton, England
Død
7. september 1833, Bristol, England
Hannah More i 1824
Av .

Hannah More var ein kjend kulturperson i England i byrjinga av 1800-talet og ein bestseljande forfattar i fleire sjangrar. Ho er i ettertida ikkje minst hugsa som pedagog, «blåstrømpe» og antislaveri-skribent, medan norske lesarar stort sett har hatt tilgang til dei religiøse forteljingane hennar.

Biografi

Barley Wood
Hannah More tente så godt på skriftene sine at ho kunne bygge huset Barley Wood. Her budde ho med søstrene ein stor del av sitt vaksne liv.
Barley Wood
Lisens: CC BY SA 3.0

Hannah More levde det meste av livet i nærleiken av Bristol, der ho etter kvart bygde huset Barley Wood, som i dag er eigd av YMCA (norsk KFUM) og brukt til bryllup og konferansar. Ho var ei av fem døtre av ein lærar og fekk god undervisning heime og som elev i faren sine skular. Ho lærte latin, matematikk og framandspråk og viste tidleg tørst etter lærdom og trong til å skrive.

Medan ho enno var tenåring, underviste Hannah og søstrene i ein jenteskule faren hadde stifta, men ho slutta då ho i 1767 vart forlova med godseigarsonen William Turner. I seks år var ho framtidig frue på godset og anla til dømes ein poesi-park saman med Turner. Etter seks år ville han framleis ikkje halde bryllup, og det vart slutt mellom dei. Sjokket gav henne nervøst samanbrot, og ho gifta seg aldri. Som kompensasjon fekk ho ein årleg sum på 200 pund, noko som betydde fridom til å skrive.

Blåstrømpe og dramatikar

Hannah More hadde eit lengre opphald i London i 1773–1774, og sidan om lag årlege besøk. Her vart ho innlemma i blåstrømpe-sirkelen av litterære salong-damer som stort sett var ein generasjon eldre enn henne, ikkje minst Elizabeth Montagu. Ho vart også kjent med forfattaren Samuel Johnson og skodespelaren David Garrick. Den sistnemnde inspirerte henne til å skrive skodespel som hadde svært stor suksess, ikkje minst Percy (1777) som også vart omsett til tysk, fransk og spansk. Det vert sagt at Wolfgang Amadeus Mozart eigde eit eksemplar av Percy og kanskje tenkte på å lage opera av det.

Mot slaveriet

Då Garrick døydde, mista More interessen for teateret og brukte no kreftene på å skrive mot slaveriet. Ho samarbeidde med William Wilberforce i hans kampanjer i parlamentet. I diktet «Slavery» frå 1788 skildrar ho lidingane til ei mor som blir skilt frå sine barn, og finn det uhyrleg at ein stat som roser seg av fridomsideal legg andre folk i lenker: «Shall Britain, where the soul of freedom reigns/Forge chains for others she herself disdains?/Forbid it Heaven!» Det vart ein lang kamp, og Hannah More rakk såvidt å oppleve at alt slaveri vart forbode i det britiske imperiet det året ho døydde.

Utdanning for fattige og for jenter

Hannah More var pedagog frå starten og brukte mykje av livet på å arbeide for betre utdanning for dei fattige. Ho levde i eit svært klassedelt samfunn og hadde ikkje tru på å endre dette, men argumenterte for at alle hadde rett til grunnleggjande opplæring. Ho stifta og dreiv mange skular og søndagsskular i ei tid då utdanning var for dei privilegerte. For dette møtte ho sterk motstand både frå overklassen og enkelte i kyrkja som frykta konsekvensane av opplyste småkårsfolk. Ho var også opptatt av å gi jenter skikkeleg utdanning, og skriftet Strictures on the Modern System of Female Education (1799) er kome i nye utgåver i seinare tid og er rekna som viktig del av pedagogikk-historia og kvinnehistoria.

Forkynnande forteljingar

Hyrden paa Salisbury Slette (1876)
Hyrden paa Salisbury Slette (1876)
Lisens: CC BY SA 3.0

More skreiv ei stor mengde småforteljingar med forkynnande tilsnitt, såkalla «Cheap Repository Tracts», som vart seld i store opplag for ein penny. På eitt einaste år var 2 millionar eksemplar i sirkulasjon. Dei var enkle, moralske eksempelforteljingar om å leve rett og gudfryktig, og to av desse er dei einaste av Hannah More sine skrifter som er blitt omsett til norsk, den eine til og med to gonger.

Forteljinga Hyrden fra Salisbury er ei av More sine mest kjente. Den vart omsett til norsk alt i 1851 og gitt ut av bokhandlar Jens Melgaard i Skien. Den fromme hyrden fekk så ei ny omsetting tjuefem år seinare, og denne gongen skreiv utgjevaren, Pastor Storjohann, også eit føreord om Hannah More for norske lesarar. Desse to omsetjingane er heilt forskjellege, og den eldste er komplett, medan den siste er noko forkorta. Tittelen er også noko ulik i dei to versjonane.

I 1876-utgåva fekk lesarane ei forteljing til, Det sker Altsammen til vort Bedste. Som tittelen seier, handlar denne om å bere alt med tolmod, og denne gongen er hovudpersonen ei uvanleg audmjuk kvinne som alltid stoler på at Gud ordnar alt vel, sjølv når motgangane er store.

Dei religiøse forteljingane til More er nok betre som teologi enn som litteratur, og dei to siste utgåvene kom også i bladet Søndagslæsning, den siste i ny utgåve i 1885.

Store engelske forfattarinner

Om lag samtidig med den første omsettinga vart også Hannah More presentert for norske lesarar av Illustreret Nyhedsblad. I ein lengre artikkelserie i 1858 omtalar Erik Fredrik Barth-Horn seksten utvalde engelske, kvinnelege forfattarar som han meiner kan tene som inspirerande eksempel for nordmenn, og uttrykker sterk beundring for Hannah More, ikkje minst for hennar store humanitære innsats.

Hannah More ser ut til å ha vore mindre lest og omtalt i Noreg i nyare tid, og norske lesarar har enno ikkje fått norske omsettingar av dei utdanningspolitiske skriftene eller anti-slaveri-skriftene hennar, og heller ikkje den unge More sine tidlege pastorale drama og dikt.

Utvalde verk

  • Search after Happiness (skodespel, 1762)
  • Percy (skodespel, 1777)
  • Slavery: A Poem (1788)
  • The Sorrows of Yamba: or The Negrowoman's Complaint (1795)
  • The Shepherd of Salisbury Plain (1795)
  • Strictures on the Modern System of Female Education (1799)
  • Coelebs in Search of a Wife (roman, 1809)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Patricia Demers (1996) The World of Hannah More, Lexington: The University of Kentucky Press.
  • Gina Luria (red.) (1974) Strictures on the Modern System of Female Education (1799), to bind.
  • Jane Nardin (2001), 'Hannah More and the Rhetoric of Educational Reform', Women's History Review, 10 (2), 211-27.
  • Anne Stott (2003) Hannah More: The First Victorian, Oxford: Oxford University Press.
  • Kathryn Sutherland (1991), 'Hannah More's Counter-Revolutionary Feminism', i Kelvin Everest (red.) Revolution in Writing: British Literary Responses to the French Revolution, Milton Keynes: Open University Press.
  • Marie Nedregotten Sørbø (2022), 'Bluestocking and Preacher: The Bifurcated Reception of Hannah More in Scandinavia', i Hannah More in Context, Routledge, 2022.
  • Marie Nedregotten Sørbø (2022), 'Kva ville dei med Hannah More i Noreg? Evangelikale og protofeministiske impulsar i litteraturen frå første halvdel av 1800-talet', i Tru, språk, historie, Cappelen Damm.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg