Anna Laetitia Barbauld (fødd Aikin) var ein engelsk diktar, lærar og barnebokforfattar som var velkjend og mykje brukt i si samtid og dei neste hundre år, men sidan gløymd. Den første diktsamlinga, Poems i 1773, og den siste Eighteen Hundred and Eleven i 1812, utgjer ytterpunkta i eit forfattarskap som også omfattar lesebøker og redigerte tekstsamlingar.

Det var faren John Aikin, lærar og dissentarprest, som lærte Anna Laetitia å lese i treårsalderen, og som etter kvart underviste henne i klassiske og moderne språk og fag som vanlegvis berre var for gutar. Som vaksen vart ho sjølv lærar på ein guteskule som ho dreiv saman med ektemannen Rochemont Barbauld. Paret fekk ingen eigne barn, men adopterte ein nevø, og barnebøkene var nok tenkt både til han og elevane på skulen.

Tittelbladet til Lesestykke for born, Del I, 1801.

Faksimile av J. Johnson. Falt i det fri (Public domain)

Som pedagog og lærebokforfattar var Barbauld ein pioner i å skrive for barn, etter barna sine eigne føresetnader og interesser. Ho delte opp lesebøkene etter alderssteg, og lærte barna mykje om natur og samfunn samstundes med innlæringa av bokstavar og tal. Ho var ein typisk representant for opplysingstida i vekta på kunnskap og danning.

Som redaktør gjorde Barbauld eit stort arbeid med å gje ut ein serie utvalde romanar, The British Novelists i femti bind, eit verk som bidrog til at romanen fekk status som seriøs sjanger i litteraturhistoria. Dessutan gav ho ut samla brev og tekstar i utdrag av Samuel Richardson saman med den første biografien om han.

Som politisk stemme var Barbauld sterkt påverka av ideala i den franske revolusjonen, og skreiv mot slaveri og mot undertrykking av fattige, kvinner og dissentarar. Ho møtte motstand frå lesarane då ho i den siste diktsamlinga talte mot Englands krig mot Frankrike under Napoleon, folk meinte ho ikkje var patriotisk nok i sin skepsis mot øydeleggjande krigføring.

Som diktar var Barbauld inspirasjonskjelde og forløpar for dei seinare så feira mannlege romantikarane William Wordsworth og Samuel Taylor Coleridge, og den siste skal ha gått førti engelske mil for å treffe diktarinna. Beundringa tok slutt då ho seinare kritiserte eit av Coleridge sine dikt, og dei to tok avstand frå henne. Då det vart deira tur til å verte feira, var hennar stjerne dalande, og som poet kom ho etter kvart i skuggen av dei. Slik går det opp og ned med litterær status, men Anna Laetitia Barbauld si rolle og plass er blitt gjenoppdaga i seinare år.

  • Poems 1773
  • Lessons for Children (fire bind) 1778–79
  • Hymns in Prose for Children 1781
  • The Correspondence of Samuel Richardson (seks bind) 1804
  • The British Novelists (femti bind) 1810
  • Eighteen Hundred and Eleven 1812
  • William McCarthy. Anna Letitia Barbauld: Voice of the Enlightenment, Johns Hopkins University Press, 2008

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.