Astrid Brekken

Faktaboks

Astrid Brekken

Astrid Oddrun Brekken

Født
24. april 1943, Lesja, Innlandet

Artikkelstart

Astrid Brekken er ein norsk journalist. Ho var med og starta bladet Sirene i 1973 og har laga mange livsstilsprogram i NRK.

Bakgrunn

Astrid Oddrun Brekken er fødd i Lesja i Oppland (no Innlandet). Ho tok examen artiumVinstra i 1963, vart i 1968 cand.mag. med faga engelsk, fransk og folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo og tok Master of Arts-graden i sosiologi ved New York University i 1971.

Journalistikk

Ho vart tilsett i Opplysningsavdelinga i NRK i 1971, etter først å ha vore innom fleire distriktskontor, og var seinare journalist i Faktaredaksjonen i NRK P2. Ho har eit svært medvite forhold til nynorsk og har laga mange ulike tv-program, mellom anna i seriane Sånn er livet, WOK og På livet laus.

I 1973 var ho med og tok initiativet til det feministiske vekebladet Sirene, der ho sat i redaksjonen fram til 1978. Ho var saman med Sigrid Straand den første kvinnelege redaktøren av Syn og Segn i 1980–1983, og ho har hatt faste spalter i blada Norsk Landbruk og Bonde og Småbruker.

Utgjevingar

Ho har gitt ut bøkene Å leve sammen (1976, saman med Solveig Bøhle), Fra rødstrømper til silkehansker? (1993) og Kvinnebønder (2013) og har redigert Barn og jobb – hvordan klarer vi det? (1984). Ho har òg omsett bøker, både skjønnlitteratur og sakprosa.

Andre verv og engasjement

Brekken var nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening i 1973–1977, medlem av Norsk språkråd i 1984–1991, oppnemnd av NRK, og styremedlem i Norsk språkråd i 1989–1991. Ho har vore styremedlem i Alternativ Framtid, i Forum for Systemdebatt og rådsmedlem i stiftinga Kvinneuniversitetet.

Utmerkingar

I 1991 vart Brekken tildelt Noregs allmennvitskaplege forskingsråds nyskipa pris for journalistar som synleggjorde kvinnelege forskarar og kvinneforsking. I 1992 fekk ho Kringkastingsprisen, utdelt av Kringkastingsringen, og i 2010 vart ho heidra med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Av Litteraturdagane i Vinje fekk ho året etter Storegutprisen for bruken av nynorsk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Elisabeth Lønnå: Stolthet og kvinnekamp. Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913. Oslo 1996
  • Nils E. Øy (red.): Pressefolk 1997. Institutt for Journalistikk 1998

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg