Faktaboks

Anne Marie Breien

Anne Marie Langballe

Fødd
19. august 1915, Aker (nå Oslo)
Død
4. april 2003, California, USA

Anne Marie Breien var ei norsk motstandskvinne under den andre verdskrigen. Breien er kjent som den hemmelige norske kjærasten til Siegfried Fehmer, sjef for Gestapokontoret i Oslo.

Under krigen fekk Breien sett fri mellom 80-90 norske fangar frå norske fengsel ved hjelp av forholdet ho innleia til Fehmer. Etter krigen vart ho tiltala for landssvik på grunn av dette forholdet.

Bakgrunn

Anne Marie Breien var nesteldst i ein søskenflokk på fire og dotter av Roal Breien og Nancy Breien. Ho vaks opp på Slemdal i Oslo, før familien flytta til slektsgarden Breien på Ringerike. Breien tok utdanning i gymnastikk ved Statens gymnastikkskole og lærarutdanning i teikning og forming.

I 1937 reiste Breien til München for å studere rytmisk gymnastikk. I Tyskland deltok ho i arbeidet med å smugle ut tyske jødar frå landet. Mistanke om at ho hadde vore involvert i dette arbeidet gjorde at ho fekk ordre om å forlate landet i løpet av 14 dagar i slutten av 1937. Tilbake i Noreg starta ho opp sitt eige gymnastikkinstitutt på Majorstua, og i 1940 gifta Breien seg med jurist Kjell Bügel Langballe.

Under krigen

Far til Anne Marie Breien, Roal Breien, vart frå våren 1941 distriktssjef for Milorg Øvre Buskerud. I januar 1942 vart han arrestert på grunn av motstandsarbeid, og køyrd til Bredtveit fengsel. Han vart seinare flytta over til Grini.

Etter fleire forsøk på å få sett faren fri frå fengsel oppsøkte Anne Marie Breien i mai 1942 Siegfrid Fehmer, som då var sjef for Gestapo sitt Oslokontor. Fehmer vart sjarmert av Breien, og etter fleire møter i løpet av sommaren oppnådde ho å få sett fri faren frå fengselet. Ho heldt fram kontakta med Fehmer fordi ho såg at det var store mogelegheiter til å få sett fri fleire av faren sine motstandskameratar, noko ho også oppnådde.

Etter kvart byrja fleire folk å komme til ho med bøn om å få sett fri sine kjære frå fengselet. Breien var i ein vanskeleg situasjon, spesielt sidan ekteskapet med mannen Kjell Langballe var i ferd med å gå i oppløysing på grunn av dei stadige møta. Ho meinte likevel at den kontakta som ho hadde oppnådd med Fehmer var så verdifull at ho måtte halde fram med møta. Ho byrja også å få kjensler for Fehmer som person.

I løpet av krigen oppnådde Breien å få sett fri mellom 80 og 90 norske fangar. I tillegg oppnådde ho betringar i opphaldet for fleire andre. Ein av dei som blei sett fri på grunn av Breien sitt arbeid var forfattaren Sigurd Evensmo. Breien opererte også som agent for heimefronten og gav informasjon som ho kom over i møta med Fehmer vidare til dei.

Natta mellom 7. og 8. mai var Breien sentral i arbeidet med å få i stand kontakt mellom heimefrontleiinga og Fehmer, slik at desse kunne møtast. Dette blei likevel ikkje noko av.

Etter krigen

Etter krigen følgde ei vanskeleg tid for Breien. Bustaden hennar vart utsett for ein rassia og det var også rassiaer fleire stadar i hennar næraste omgangskrins for å få tak i «Fehmers elskerinne». Den 3. juni 1945 vart det gjeve ordre om fengsling frå Oslo og Aker politikammer. Då Breien høyrde om dette, meldte ho seg sjølv til landssvikavdelinga i Kristiansand. Ho vart sett fri, men tiltalen vart oppretthaldt i halvtanna år før politikammeret la vekk saka.

Samtidig med landssviksaka opplevde Breien å bli trakassert i heimbygda. Ho vart også utsett for vald på ein fest for motstandsfolk. Det vart sett inn notisar i Ringerikes blad om motstandsarbeidet ho hadde drive med, utan at sjikaneringa tok slutt. Breien hadde fått seg jobb ved USA sin ambassade, men vart plutseleg sagt opp utan grunn.

I juni 1947 var Breien forsvaret sitt hovudvitne i rettssaka mot Siegfried Fehmer. Fehmer vart avretta 16. mars 1948. På grunn av vanskane Breien hadde i Noreg reiste ho til USA i nokre år. Ho vendte så tilbake til Noreg og fekk seg jobb i NATO sin nordkommando på Kolsås. Rykta frå krigen hang likevel med ho, og i 1954 vart ho sagt opp frå jobben. Ei tid seinare vart det kjent at ein Oslo-journalist hadde truga med å slå opp forholdet hennar til Fehmer på førstesida i ei avis, og det var dette som førte til at ho vart sagt opp.

Etter dette reiste Breien tilbake til USA og vart buande der til ho døydde 4. april 2003 på ein sjukeheim i California. Ho sleit med psykiske etterverknadar av krigen i mange år. I 1981 fekk ho tildelt krigspensjon frå den norske stat.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Breien,Thor og H.H. Breien (red.) 1998. Ringeriksslekten Breien, bok II. Lysaker: Mette Breien.
  • Bromark, Stian og Halvor. F. Tretvoll 2009. Sigurd Evensmo. Alene blant de mange. En biografi. Oslo: Cappelen.
  • Evensmo, Randi 1984. Spør du meg. Oslo: Gyldendal.
  • Hatledal, Kristin 2009. Krigsheltinne eller tyskarjente? Historia om Dagmar Lahlum – i lys av andre etterretningskvinner. Masteroppgåve i historie, Universitetet i Oslo.
  • Hatledal, Kristin 2011. Kvinnekamp. Historia om norske motstandskvinner. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Pryser, Tore 2007. Kvinner i hemmelige tjenester. Etterretning i Norden under den annen verdenskrig. Oslo: Cappelen.
  • Østlund, Jan Helge 1997. «Okkupasjon, motstand og frigjøring» i Jan Helge Østlund: Krigen på Ringerike, bind 2. Hønefoss: Kolltopp.

Faktaboks

Anne Marie Breien
Historisk befolkingsregister-ID
pf01073680012153

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg